Hopp til innhald

Fagstoff

Adjektiv og adverb

Desse to ordklassane er lette å blande, men det finst nokre enkle hugsereglar for korleis vi skil dei frå kvarandre.
Ein stor elefant og ei lita mus. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Adjektiv

“Du er sanneleg ei flink, lita jente!”. I denne setninga finn du to adjektiv som begge beskriv substantivet “jente”, nemleg “flink” og “lita”.

Samsvarsbøying

Dei fleste adjektiva blir bøygde i samsvar med ordet dei beskriv. Men somme adjektiv kan ikkje bøyast:

  • ei stor nyheit, eit stort behov, store endringar
  • ein rotete arbeidsplass, eit rotete rom, rotete notat

Gradbøying

Dei fleste adjektiv kan gradbøyast. Vi skil mellom tre grader:

  • positiv
  • komparativ
  • superlativ

Positiv er grunnforma: snill, moderne, liten.

Komparativ uttrykkjer ei sterkare grad: snillare, meir moderne, mindre.

Superlativ uttrykkjer den sterkaste grada: snillast, mest moderne, minst.

Adverb

Dei fleste adverb er småord som uttrykkjer tid, stad eller måte. Du kan ikkje bøye adverb. Vi deler dei inn i ei rekkje ulike klassar:

Tidsadverb

Tidsadverb gir svar på spørsmål om når noko skjer eller har skjedd:

  • Ho kjem no.
  • Etterpå skal vi på kino.
  • Dei har nettopp gått.

Stadsadverb

Stadsadverb gir svar på spørsmål om kvar, kor hen eller kor frå:

  • Vi bur her.
  • Han skal dra herfrå i morgon.
  • Kom inn !

Måtesadverb

Det finst nokre få adverb som uttrykkjer måte:

  • Eg er redd vi må gjennomgå dette stoffet stykkevis.
  • Ikkje sjå på meg slik!
  • De får liggje andføttes.

Setningsadverb

Setningsadverb er småord som til dømes ikkje, neppe, aldri, heldigvis, dessverre.

Gradsadverb

  • No har vi ete nok.
  • Du må vente litt.

Spørjeadverb

Spørjeadverb innleier spørjesetningar:

  • Kvar bur du?
  • Når kjem han?
  • Korleis har du det?

Kva er forskjellen på adjektiv og adverb?

For å unngå å blande dei to ordklassane kan du lære deg desse to reglane:

1. Adjektiv beskriv substantiv, adverb ikkje.

Hovudregelen er at adjektiv beskriv eit substantiv, medan adverb beskriv andre setningsledd, som til dømes verb eller eit adjektiv.

Døme

  1. Den raske guten løper.
  2. Den ganske raske guten løper.

I den første setninga beskriv ordet "rask" eigenskapane til eit substantiv, nemleg guten. Den andre setninga er utvida med adverbet "ganske". Som du ser, beskriv "ganske" eit adjektiv, nemleg ordet "rask".

2. Du kan ikkje bøye adverb etter kjønn og tal.

Svært mange adverb kan ikkje bøyast i det heile tatt: no, aldri, ganske. Men så har du setningar som:

  • Han løper raskt, men ho løper raskare.

Viss du slår opp i ordboka, vil du sjå at ordet "rask" er definert som eit adjektiv. Men det går an å danne adverb av inkjekjønnsforma av adjektiv: "Han et pent, dei går seint."

Desse adverba kan du gradbøye: Han et pent, men ho et penare. Men det går ikkje an å bøye dei etter kjønn og tal (samsvarsbøying), slik du gjer med adjektiv. Det vil jo vere heilt feil å skrive: "Han et pen, ho et pen, dei et pene."

CC BY-SASkrive av Marion Federl og Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 28.09.2020

Læringsressursar

Ordklassar