Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kva kan du om pronomen?

Oppgåve 1

Oppgåve 2 – Setningskonkurranse

Sit saman i grupper på fire. Kven av dykk klarer å lage setninga med flest moglege ulike pronomen?

Skriv på eit ark eller ein PC. Lag fem setningar der du bruker så mange pronomen du klarer frå dei ulike kategoriane: Refleksivt pronomen, gjensidig pronomen, spørjepronomen, personleg pronomen og ubestemt pronomen. Ei utfordring: Setninga må òg vere meiningsfull.

Les opp setningane for kvarandre. Den som har klart å lage ei meiningsfull setning med pronomen frå flest ulike kategoriar, vinn.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 30.08.2019

Læringsressursar

Ordklassar