Hopp til innhald

Fagstoff

Verb

Å synge, å hoppe, å fortelje, å spele. Vi bruker verb når det skjer noko. Ein tekst utan verb hadde vore ei keisam oppleving.
Person som hoppar over ordet verb. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er eit verb?

Ein vanleg hugseregel for å kunne kjenne att eit verb er å seie at det er den ordklassen du kan setje “å” framom. Du kan seie “å ete”, “å hoppe” og “å levere”, men du kan ikkje seie “å hund”, “å oppover” eller “å dykk”.

Verb er ord som uttrykkjer ei handling, ein prosess (endring) eller ein tilstand:

  • Vi snakkar. (Handling, vi gjer noko.)
  • Murpussen forvitrar. (Prosess, murpussen blir øydelagt.)
  • Barnet søv. (Tilstand som varar ei viss tid.)

Vi bøyer verb i tid

“Å vere eller ikkje vere, det er spørsmålet”, sa Shakespeare sin kanskje aller mest kjende figur, Hamlet. Denne setninga inneheld berre eitt verb. Kan du forklare det?

Fasit

Det riktige er at viss du skal streke under kvar gong eit verb blir brukt i setninga, så må du streke under "vere", "vere" og "er". Men dette er eitt og same verb. "Å vere" er grunnforma av verbet, det vi kallar infinitiv. "Er" er det same verbet, men no står det i presens, altså notid. Dette er eit typisk døme på korleis vi bøyer verb i tid.

Grunnform – infinitiv

Hugs gjerne på setninga “å vere eller ikkje vere”. I denne setninga står altså verbet i grunnforma, infinitiv. Når vi slår opp eit verb i ei ordbok, er det infinitivsforma vi må søkje på eller bla oss fram til. Framom infinitiven kan vi setje infinitivsmerket "å": å gå, å høyre, å kunne.

Presens

Når vi skal uttrykkje noko som skjer no, bruker vi presens-forma av verbet:

  • Barna les historia om Mummitrollets hatt.
  • Der kjem Mari og Line!

Presens kan også uttrykkje noko ålmenngyldig, eller noko som skjer gjentekne gongar:

  • Jorda går i bane rundt sola.
  • Ho står opp klokka sju kvar dag.

Hugseregel: Presens er den tida du seier "no" framom: No skriv eg.

Preteritum

Preteritumsforma av verbet bruker vi når vi snakkar om noko som hende i fortida. Handlinga eller hendinga er heilt avslutta.

  • Vi las artikkelen i går.
  • I fjor var dei på ferie i Vesterålen.

Hugseregel: Preteritum er den tida du seier "i går" framom: I går skreiv eg.

Presens perfektum

Også presens perfektum viser til noko i fortida. Vi bruker presens perfektum når det viktigaste er å formidle at ting faktisk er gjort – uansett når:

  • Han har lese avisa i dag.
  • Eg har gjort leksene.
  • Han er reist.

Presens perfektum bruker vi også om ei handling som byrja i fortida og som framleis ikkje er avslutta:

  • Sånn har dei heldt på i tre veker no.
  • Han har spelt gitar sidan barneskulen.

Hugseregel: Presens perfektum er den tida du seier "har" framom: Eg har skrive.

Presens futurum

Presens futurum bruker vi når vi snakkar om noko som skal skje i framtida:

  • Ho skal lese boka i neste veke.
  • Du vil like den nye sykkelen.
  • Dette kjem til å bli tøft.

Hugseregel: Presens futurum er den tida du seier "skal" framom: Eg skal skrive.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland og Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 02.03.2020

Læringsressursar

Ordklassar