Norsk (YF)
Språket som system og mulighet
Språk er lydar som er sette i system for å skape meining. Vi bruker lydane til å byggje ord, og vi set saman ord til setningar etter bestemde reglar. Språket tilbyr oss ei mengde verktøy slik at vi kan få sagt alt vi vil – iallfall nesten!
Ordklassar
Ord som har mykje til felles, som til dømes korleis dei blir bøygde, tilhøyrer same ordklasse. Substantiv, adjektiv og verb er tre ulike ordklassar.