Hopp til innhald

Fagstoff

Førebuingane til sjåføren

Som sjåfør får du nødvendige opplysningar frå transportleiaren eller frå andre på køyrekontoret. Når du planlegg oppdraget, må du ta omsyn til denne informasjonen og til ei rekkje regelverk.
Ein yrkessjåfør i refleksjakke står ved sida av eit kvitt vogntog og gjer tommel-opp-teikn. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Førebuingar

Når du får eit oppdrag frå transportleiaren eller frå køyrekontoret, må du gå gjennom informasjonen om lasta:

  • Kva slags last er det snakk om? Er det fleire typar gods, fleire hentingar og leveringar?

  • Kva for eigenskapar har godset? Er det til dømes temperaturavhengig, eller er det farleg gods?

  • Er det tung last? Er vekta innanfor nyttelasta til køyretøyet? Får du fordelt vekta rett på akslingane, får du sikra lasta på ein forsvarleg og forskriftsmessig måte, og så vidare?

  • Viss det er volumgods, altså lett gods som treng mykje plass: Er det nok plass i bilen til å få med all lasta?

  • Har du dei rette godkjenningane på bil og sjåfør, til dømes
    dersom det er snakk om farleg gods?

Utstyr

Oransje lastestroppar. Foto.

Du må sjå til at du har rett utstyr til oppdraget, som til dømes lastsikringsutstyr. Må du surre med fiberstropp, er det viktig å ha nok stroppar. Utstyret må dessutan vere i orden: Stroppar må vere heile, reine og ha merkelapp med påskrift for aktuelle avgrensingar.

Du kan også trenge anna utstyr, som mellomlegg til stroppar og friksjonsmatter til å leggje under gods. Krev oppdraget bruk av kjetting, må du gå over kjetting og strammarar og sjå til at utstyret er i orden og innanfor krava til surrekjetting.

Det kan òg hende at du treng til dømes hydraulikkslangar til bakløftar, smørjeoljer og andre væsker til påfylling. Ved transport av farleg gods er det krav om brannsløkkjarar i samsvar med ADR-forskrifta.

Lasting og ruteval

En skjerm for GPS i en lastebil. Foto.

Når du har fått lasteliste, må du planleggje lasterekkjefølgje. Du må laste etter korleis du skal losse. Skal du laste fleire stader, må du også planleggje kva avsendar du skal til først.

Sist inn – først ut

Har du fleire leveringar, lastar du som regel etter -prinsippet: "last inn, first out". Det vil seie at det som skal leverast sist, blir sett fremst på bilen, og det som skal leverast først, må stå bakarst. Du leverer i motsett rekkjefølgje av kva du lastar i.

Ulik vekt på godset

Er det ulik vekt på godset, til dømes ei blanding av lette og tunge pallar, må du laste ut frå vektfordelinga på akslingane.

Formålstenleg rute

Elles må du planleggje køyreruta ut frå kvar du skal med lasta. Du må finne dei mest formålstenlege vegane og ta omsyn til vegstandard, eventuelle vektavgrensingar, og ikkje minst høgdeavgrensingar i form av tunnelar og bruer.

Omsyn til køyre- og kviletidsreglar

Du må også planleggje korleis du kjem fram utan å bryte Då må du finne formålstenlege stader der du får teke lovpålagde pausar, og du må passe på at du har nok køyretid til å komme fram til mottaksstaden før du må ta døgnkvil. På lange strekningar må du gjerne planleggje turen over fleire dagar, og du må ta omsyn til eventuelle ferjer og til vegarbeid på ruta.

Dokument

Du må sjå til at du har med deg alle nødvendige dokument.

Dokument på køyretøyet

Du må ha dokument på køyretøyet, slik som vognkort på lastebil. Køyrer du vogntog, treng du også dokument på tilhengar. Transporterer du farleg gods, kan det vere påkravd med -godkjenning på køyretøyet. Det kan dessutan vere nødvendig med-godkjenning til påbygg som skal brukast til temperaturregulert transport, såkalla

Døme på løyvedokument
Forsida av eit løyvedokument for internasjonal godstransport. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Godstransportløyve

Transportselskapet må ha godstransportløyve og ha løyvedokument, altså eit fellesskapsløyve. Ein attestert kopi, som dømet over, skal liggje i bilen. Dette dokumentet må du ha med og kunne vise fram i ein eventuell kontroll.

Dokumentasjon på lasta

Også lasta må dokumenterast. Det er avsendaren som er pliktig til å fylle ut og leggje ved rett fraktdokumentasjon, og du som sjåfør må sjå til at dette har blitt gjort. Krav til utfylling av finst i paragraf 9 i vegfraktlova, og krava gjeld både for fraktbrev på papir og for elektronisk fraktbrev. Om det er snakk om internasjonal transport, skal det liggje føre eit . Ved farleg gods må du sjå til at dokumentasjonen på godset er i samsvar med ADR-reglementet.

Dokumentasjon på kompetansen til sjåføren

Elles må du som sjåfør ha personleg dokumentasjon, som førarkort i aktuell klasse, med gyldig. Til digital fartsskrivar må du ha eit gyldig , og du må ha gyldig ADR-kompetanse-bevis om du skal transportere farleg gods.

Skal du bruke truck eller kran, må du ha på dette utstyret. Du må også ha gått gjennom dokumentert opplæring på utstyr som kan medføre fare, som krokløftar og bakløftar.

Døme på kort som dokumenterer kompetanse
Førerkort. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Baksiden av et førerkort. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Scannet ADR-kompetansebevis med bilde av en kvinne. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Sjåførkort med bilde av en kvinne. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Bildet viser et kompetansebevis for G8. Foto
Opne bilete i eit nytt vindauge

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Arne Skrede.
Sist fagleg oppdatert 25.04.2022

Læringsressursar

Hvordan planlegge?