Hopp til innhald
Fagartikkel

Val av transportmiddel

Når du veit kva slags tur du skal køyre, må du finne bussen som passar til oppdraget.

Bussar og bussklassar

I køyretøyforskrifta er buss definert som "bil for persontransport med over 8 sitjeplassar i tillegg til førarplassen". Bussar finst i ulike klassar og modellar, og alle bussar må vere godkjende til sitt bruk.

Bussar blir delte inn i fem klassar: Det er to klassar (A og B) for bussar med inntil 22 sitjeplassar, og tre klassar (1, 2 og 3) for store bussar med over 22 passasjerplassar. Du kan lese meir om ulike busstypar i køyretøyforskrifta på nettsidene til Lovdata.

Klasse 1: bybussar

Til klasse 1 reknar vi bussar som har meir enn 45 prosent ståplassar. Dette er oftast bybussar med lågt innsteg og store dører, og med seta plasserte både på tvers og på langs av køyreretninga.

Rullestolar blir plasserte med ryggen mot ryggen på ei seterekkje, og det skal vere ein låg knapp for stoppvarsel og ei nedfellbar sperre som gjer at rullestolen ikkje kan velte.

Klasse 2: forstadsbussar

Bussane i klasse 2 blir ofte kalla for forstadsbussar. Bussane i denne klassen har opptil 45 prosent ståplassar. Elles har dei lågt innsteg og store dører, akkurat som bybussar. Også rullestolplassar er innretta som for bussar i klasse 1. Forstadsbussar har noko betre komfort enn bybussar, men dårlegare komfort enn bussar i klasse 3.

Klasse 3: turbussar

Klasse 3-bussar er bussar som til vanleg blir brukte på lengre ruter, og som berre har sitjeplassar. Desse bussane har ein del utstyr som er nødvendig eller ønskjeleg ved lengre reiser. Her finn ein normalt toalett, bilbelte, kaffimaskin, leselys og stor bagasjeplass nedst. Dersom ein klasse 3-buss blir brukt i rute, skal det finnast plass for å sikre rullestol.

Går turen til Tyskland, kan ein vurdere bussar som er godkjende for å køyre i 100 kilometer i timen på tyske motorvegar. For å få tempo 100-godkjenning (T-100) må bussen oppfylle ein del krav. Ei slik godkjenning varer i tre år.