Hopp til innhald

Fagstoff

Krav til sjåfør

Alle førarar av motorkøyretøy må oppfylle ei rekkje krav, men det blir stilt særlege krav til dei som skal føre tunge køyretøy og bussar. Det skal du lære meir om her.
Bussjåfør som sit i ein kvit buss. Foto
Opne bilete i eit nytt vindauge

Skikka til å køyre

Når du som sjåfør skal føre eit køyretøy, må du vere i ein tilstand som gjer at du er skikka til å køyre bilen på ein trygg måte. Du må ikkje under nokon omstende vere påverka av alkohol eller noko anna rusande eller bedøvande middel, og du må heller ikkje vere sjuk, svekt, sliten eller trøytt.

Pliktmessig fråhald

For at transporten skal vere sikker for passasjerar og andre medtrafikantar, er du som yrkessjåfør pålagd pliktmessig fråhald.

Det betyr at når du fører motorvogn i ei stilling eller eit yrke der du transporterer personar eller gods, må du ikkje nyte alkohol eller ta andre rusande eller bedøvande middel i tenestetida.

Tenestetida er tidsrommet frå du byrjar å utføre arbeidet som stillinga krev, og inntil du avsluttar arbeidet. Kravet om fråhald gjeld allereie 8 timar før tenestetida byrjar.

Kontroll før køyring

Bilete av ein alkolås i ein buss.

For at ein skal vere sikker på at alle som køyrer buss, overheld promillegrensa, er det installert alkolås i bilen. Det er ei teknisk anordning som blir kopla til tenningssystemet i eit køyretøy. Alkolåsen består av eit handsett med munnstykke og ein leidning som går til ein elektronisk boks som er kopla til tenningssystemet.


Ansvar for standen til køyretøyet

  • Som førar må du sjekke at køyretøyet er i forsvarleg og forskriftsmessig stand, og at det er forsvarleg og forskriftsmessig lasta.

  • Du må påse at køyretøyet også under bruk er i forsvarleg stand og forsvarleg lasta.

  • Dersom køyretøyet ikkje er i forsvarleg stand, er det eigaren som er ansvarleg for at køyretøyet ikkje blir brukt.

Bruk av elektronisk utstyr

Du må ikkje bruke noko elektronisk utstyr som kan forstyrre deg når du køyrer

Dokumentasjon av førerett, førarkort og kompetansebevis

Du må alltid ha med deg førarkort og kompetansebevis under køyring.

Du kan lese meir om kva vegtrafikklova seier om krav til førar av køyretøy, i kapittel 4 av vegtrafikklova.


CC BY-SASkrive av Mette Broen.
Sist fagleg oppdatert 04.04.2022

Læringsressursar

Hvordan planlegge?