Hopp til innhald

Fagstoff

Kven er passasjerane?

Når du skal planleggje ein busstransport, er det viktig at du kjenner passasjergruppa slik at du kan yte best mogleg service.
Busspassasjerar på veg inn i ein buss. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Passasjergrupper

Døme på grupper kan vere

  • elevar frå barneskule, ungdomsskule eller vidaregåande skule

  • idrettslag

  • pensjonistar

  • personar med ulike funksjonshemmingar

Når du kjenner gruppa, kan du også planleggje betre ut frå dei ønska og behova passasjerane dine har.

Barn

Barn er leikande vesen som kan ha vanskeleg for å sitje i ro. Ved eit fast opplegg som skulekøyring eller liknande kan det vere lurt å møte gruppa før transporten tek til. Då kan barna få vite litt om arbeidet til sjåføren, trafikken og trafikkreglar og kva forventningar som blir stilte til dei som passasjerar. På lengre turar må det vere med vaksne som kan ha oppsyn med barna.

Ungdom

Dei fleste ungdommane er hyggjelege menneske, men ungdom kan likevel vere ei meir utfordrande gruppe å transportere enn små barn.

Når du planlegg transport av yngre menneske, må du vere førebudd på høg latter, høglydt prating og musikkspeling. Rekn også med at dei ikkje alltid høyrer etter eller følgjer det som blir sagt og bestemt. Som sjåfør bør derfor vere ein som kan snakke med ungdommane og få respekt. Under turen bør det også vere med føresette som kan setje grenser.

Det kan også vere vanskeleg å få samla gruppa igjen etter stopp, for då går ungdommane gjerne på toalettet, handlar litt og så vidare. Det er derfor viktig at tidspunkt og anna viktig blir presisert på førehand.

Eldre

Eldre menneske er det mindre uro med – dei vil vanlegvis ha ro og låg musikk og nyheiter på radioen.

Men eldre kan også ha problem med å bli sitjande roleg lenge. Det kan derfor vere aktuelt å leggje inn hyppigare stopp der det er høve til å strekkje på beina. Vel gjerne stader som er lett tilgjengelege frå bussen når du stoppar for mat- eller toalettpausar.

Det er også viktig å tenkje over at eldre kan få medisinske problem som krev assistanse. Det kan derfor vere lurt at reiseleiaren og bussjåføren er godt kjende med førstehjelp og kan løyse akutte medisinske problem.


CC BY-SASkrive av Gunnar Ottesen og Mette Broen.
Sist fagleg oppdatert 05.04.2022

Læringsressursar

Hvordan planlegge?