Hopp til innhald

Fagstoff

Nødvendige dokument ved persontransport

Her går vi gjennom dokumenta og godkjenningane som må vere i orden før du kan gjennomføre ein persontransport.
Førarkort, sjåførkort og vognkort sette saman i en kollasj. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fellesskapsløyve

Alle som skal drive transport av gods og/eller personar mot vederlag må ha løyve. For godstransport med tunge køyretøy og for persontransport utanfor rute med køyretøy over ni sitjeplassar er dette løyvet eit fellesskapsløyve som gjeld i heile EØS-området.

Du kan lese meir om dette i artikkelen Fellesskapstillatelse – løyve for gods- og turvogn.

Døme på løyvedokument
Framsida av eit løyvedokument. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Passasjerliste

Skal du til utlandet med passasjerar, må alle passasjerane vere førte opp i ei passasjerliste.

Også på turreiser i Noreg kan ei passasjerliste vere til stor hjelp, både under sjølve turen og dersom du treng å ta kontakt med passasjerar i ettertid. Dersom turen er arrangert av private som leiger buss, er det arrangøren som har oversikt over passasjerane.

Førarkort og YSK

For å kunne føre buss må du ha førarkort klasse D. Du må også ha gyldig yrkessjåførkompetanse for persontransport (YSK). Gyldig YSK blir dokumentert i førarkortet med kode 95 i dei klassane han er gyldig for.

Både førarkort i tunge klassar og YSK varer i 5 år før dei må fornyast, og det er vanleg å fornye begge delar samtidig. For å fornye førarkortet krevst det helseattest, for å fornye YSK må du ta eit 35 timars YSK-etterutdanningskurs.

Les meir om yrkessjåførkompetanse i artikkelen Yrkessjåførkompetanse på nettsidene til Statens vegvesen.

Døme på førarkort
Framsida av eit førarkort. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Baksida av eit førarkort. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Køyresetel

Du må ha køyresetel for å kunne utføre persontransport mot vederlag. Dette kravet gjeld for all persontransport med motorkøyretøy (buss, drosje osb.).

Det er politiet som skriv ut køyresetel. Du må ha helseattest, god vandel og vere over 20 år for å få køyresetel. Les gjerne meir om køyresetel for yrkessjåførar på nettsidene til politiet.

Døme på køyresetel
Framsida på ein køyresetel. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Baksida på ein køyresetel. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vognkort

Alle køyretøya som er registrerte, må ha eit vognkort. Vognkortet har to delar, og del 1 skal liggje i køyretøyet. Vognkortet har opplysningar om eigar (i dette tilfellet busselskapet) og tekniske opplysningar om køyretøyet. På ein buss er vesentlege tekniske opplysningar mellom anna totalvekt, akselvekter, lengde, breidde og talet på passasjerplassar.

Du kan lese meir om vognkortet i artikkelen Kva er eit vognkort? på nettsidene til Statens vegvesen.

Døme på vognkort
Del ein av vognkortet til buss, første og siste side. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Del ein av vognkortet til buss, andre og tredje side. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sjåførkort

Skal du køyre eit køyretøy som er underlagt køyre- og kviletid, og som har digital fartsskrivar, må du ha eit sjåførkort. Dei aller fleste bussane har digital fartsskrivar. Sjåførkortet blir sett inn skrivaren og registrerer alle køyre- og kviletidsaktivitetane som sjåføren må kunne dokumentere. Kortet har ein chip der dataa blir registrerte. Det er Statens vegvesen som skriv ut sjåførkort.

Du kan lese meir om sjåførkort på sida Søk om sjåførkort på nettsidene til Statens vegvesen.

Døme på sjåførkort
Framsida på eit sjåførkort som tilhøyrer ei kvinne. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Pass

Dei nordiske landa har avtale om passfri grensepassering. Du kan altså reise til Finland, Sverige, Island og Danmark utan pass. Reiser du til andre land, må du derimot ha med deg passet ditt.

Politiet tilrår at du tek med deg passet også om du reiser til eit nordisk land, då passet er gyldig som legitimasjon i alle land. Uansett bør du ha med gyldig legitimasjon som viser bilete, fødselsnummer og opphavsland.

Døme på pass
Norsk pass. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Mette Broen.
Sist fagleg oppdatert 23.05.2022

Læringsressursar

Hvordan planlegge?