Hopp til innhald
Oppgåve

Pensjonisttur til Sverige

Å reise på tur saman er noko både gamle og unge liker, men for at slike turar skal bli vellykka, krevst det planlegging og førebuingar.

OPPGÅVE

Til dagleg køyrer du skulebuss, og arbeidstida di er styrt av ein skiftplan. Ein dag får du i oppdrag av arbeidsgivaren å leggje til rette for ein tre dagars tur til Sverige for ei pensjonistforeining. Vel sjølv avreisestad (i Noreg) og reisemål.

Ta for deg alle trinna som er beskrivne i læringsstien Planlegging av persontransport.

Beskriv

  • korleis du vil førebu deg på turen og sikre at alle formalitetar er i orden før avgang (utstyr, dagleg kontroll, dokumentasjon, billettar, ferje osv.)

  • korleis du vil leggje opp turen slik at du overheld køyre- og kviletidsreglane (kor langt kan du køyre før du må stoppe, døgnkvil osv.)

  • korleis du vil informere passasjerane om turen, både ved påstiging og undervegs

  • kva planane dine er for vegval, pausar, framkomst, overnatting, overnattingsstad, avreise, opplevingar undervegs og på destinasjonen osv.

Korleis skal du løyse og dokumentere oppgåva?

  1. Lag eit oversiktleg planleggingsdokument der du beskriv og grunngir alle punkta. Dokumentet skal ha ei framside i tillegg til løysingsforslaget ditt. Bruk gjerne bilete og lenkjer.

  2. Lag eit klart og vennleg formulert informasjonsskriv til pensjonistane som dei får utlevert eller tilsendt i forkant av reisa. Dei skal vere godt informerte om avreise- og returdato og om ulike andre tidspunkt som dei må ta omsyn til. Skrivet skal også innehalde kontaktinformasjon, informasjon om overnattingsstaden, om eventuelle attraksjonar de skal besøke, og om aktivitetar som eventuelt skal skje på turen.