Hopp til innhald

Fagstoff

Gjennomføring og avslutning av oppdrag

Som sjåfør må du gjere ditt til at godset kjem fram uskadd og i tide. Vi skal her sjå på kva du må passe på undervegs og når du avsluttar oppdraget.
Ein kvinneleg yrkessjåfør bak rattet på ein lastebil. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fraktføraransvar

Transportør er ansvarleg for skade på eller forseinking av gods som blir frakta. I vegfraktloven § 27 heiter det: "Fraktføreren er ansvarlig for tap og skade som rammer godset i tiden fra overtakelsen til utleveringen, og for forsinket utlevering."

Fraktførar er den som har avtale med kunden. Det er som regel transportør eller lastebileigar, eller det kan vere ein samlastar som leiger inn transportør. Til sjuande og sist er det likevel du som sjåfør som er ansvarleg for godset du har med deg.

Tenk alltid på at det er nokon som eig varene du fraktar, og følg forsiktigheitsreglar både under lasthandtering, ved lasting og lossing, ved lastsikring og under transport. Bruk dessutan ein mjuk og defensiv køyrestil. Då bidreg du til trafikktryggleik, og du sikrar ein skånsam transport for godset.

Force majeure

Om gods blir skadd eller du blir forseinka på grunn av forhold du ikkje kan påverke, er du friteken for ansvar. Slike forhold kan til dømes vere vegar som er stengde på grunn av ras, eller innstilte ferjeavgangar. Du kan då vise til . Ver merksam på at havari på køyretøy ikkje blir rekna som force majeure.

Endringar undervegs

Ein vegtunnel som er stengd for trafikk, og ein omkøyringsveg som går til venstre for tunnelen. Foto.

"Plans are worthless, but planning is everything" – dette sitatet frå den tidlegare amerikanske presidenten Dwight D. Eisenhower høyrer ein ganske ofte i transportbransjen. Det Eisenhower ville påpeike, var at ein ferdig plan ikkje alltid er så mykje verd fordi han heilt sikkert må endrast. Likevel er det heilt nødvendig å planlegge skikkeleg, for om du har vore med på planlegginga, er det mykje enklare å sjå løysingar og alternativ undervegs.

Når du er ute og køyrer godstransport, vil det ofte dukke opp uventa ting. Det kan vere stengde vegar, vegarbeid, ulykker, kolonnekøyring osb. Det kan også skje endringar i sjølve køyreoppdraget, slik som endra lasteadresse eller lengre ventetid fordi godset ikkje er klart, eller fordi det er kø på lasteplassen.

Dette er forhold som gjer at planane må endrast. Du får kanskje ikkje køyrt den vegen du har tenkt, eller du mistar ferja du hadde planlagt å ta. Då rekk du kanskje heller ikkje fram som planlagt, og leveringstidspunktet må utsettast.

Varsle kundane!

I slike situasjonar er det viktig å vere føre var og ha dialog med kundane undervegs. Du kan anten ha direkte kontakt med kundane, eller du tek kontakt med transportleiar, som igjen tek seg av kundekontakten. Det er mykje betre at kundane veit du er forseinka, enn at dei går og ventar på varene sine utan å ha blitt varsla.

Merkevarebygging for transportbedrifta

Eit møte mellom to menn ved ein lastebil i eit lager. Foto.

Når du er ute hos kundar for å hente eller levere varer, er du som sjåfør "ansiktet utad" til bedrifta. Ver høfleg, vennleg og roleg og vis god folkeskikk i kontakt med kundar. Reine og heile arbeidsklede og god personleg hygiene er også med på å skape eit godt inntrykk av bedrifta du er tilsett i.

Ver også varsamt med kva slags bilete og filmar frå arbeidsdagen din som du legg ut på sosiale medium. Å filme med mobiltelefon mens du køyrer, til dømes, er både ulovleg og veldig dårleg reklame for sjåfør og bedrift.

Du bør også sjå til at du køyrer mykt og omsynsfullt i trafikken. Om bilane til eit firma blir kjende for å aggressiv eller stygg køyring, får firmaet fort eit dårleg rykte. Det tek lang tid å bygge opp eit godt rykte, men det er dessverre veldig fort gjort å øydelegge det.

Som sjåfør har du altså ei viktig rolle i merkevarebygginga til bedrifta, for andre legg merke til både åtferd, arbeidsklede og personleg hygiene og køyrestil. Du hjelper òg til med visuell marknadsføring av bedrifta: Lastebilen du køyrer, fungerer som ei stor reklameflate og viser gjerne både bedriftslogo og -fargar, og du som sjåfør har ofte arbeidsklede med same logo.

Avslutning av oppdraget

Vask av lastebil. Foto

Når mottakar har fått varene sine, må du sørge for at all dokumentasjon er i orden. Hugs å få kvittering for motteke gods på fraktbrev eller PDA. Om det er avvik, som manko eller skadar, må du notere dette på fraktbrevet. Ta med alle fraktbreva, eller få sendt inn EDI-opplysningar til køyrekontoret slik at dei får fakturert oppdraget.

Etter at oppdraget er gjennomført, klargjer du køyretøy og utstyr for nye oppdrag. Det er vanleg å utføre vask og vedlikehald. Om du har oppdaga manglar på køyretøyet som bør utbetrast, noterer du dette og ser til at informasjonen blir formidla til teknisk personell. Fyll også dieseltanken slik at bilen er klar når du eller ein kollega skal ut på nytt oppdrag. Få ting er meir irriterande enn å måtte starte ein arbeidsdag med å fylle diesel fordi nokon ikkje har gjort jobben sin. Sjåførkortet skal lesast av kvar 28. dag.

Når oppdraget er utført, last er levert og lastebilen klargjord og parkert, er det ei god kjensle å gå heim til døgn- eller vekekvil.

Kvite lastebilar som står parkerte på ein parkeringsplass. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kjelde

The U.S. National Archives and Records Administration (u.å.): The Eisenhowers / Quotes. Henta 8. august 2022 frå https://www.eisenhowerlibrary.gov/eisenhowers/quotes

CC BY-SASkrive av Arne Skrede.
Sist fagleg oppdatert 11.05.2022

Læringsressursar

Hvordan planlegge?