Hopp til innhald

Fagstoff

Kva er formålet med turen?

Det blir stilt andre krav til ein tur som skal få passasjerane fram til eit reisemål, enn ein tur der sjølve reisa er målet.
Ein turistbuss på ein smal veg langsmed ein innsjø. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Transport til eit mål

Dersom passasjerane berre skal reise frå A til B, er formålet å komme fram til B. Då er passasjerane ikkje interesserte i mange stopp undervegs, dei vil gjerne komme fram raskt og på ein behageleg måte.

Er reisa kort, krevst det mindre komfort enn om reisa er lang, men opplysningar om reiseforløp og pårekna framkomst er viktig informasjon som passasjerane ønskjer og verdset. Det same gjeld annonsering av haldeplassar.

På lengre reiser vil passasjerane også setje pris på tilleggsgode som til dømes kaffi og aviser.

Reisa som mål

Når reisa er målet, må ein planleggje i endå større grad med tanke på opplevingar og trivsel. På ein slik tur blir det svært viktig å sørgje for ei god turoppleving og få sveisa gruppa saman sosialt:

  • Det er vanlegvis ein fordel om det finst nokre ledige sete på bussen slik at passasjerane kan sirkulere.

  • Også hyppige stopp kan bidra til at passasjerane raskare blir kjende med kvarandre.

  • Sjåføren eller guiden bør gi god informasjon om attraksjonar under reisa.

Tenk gjennom kva du vil oppnå, og planlegg ut frå det.

CC BY-SASkrive av Mette Broen.
Sist fagleg oppdatert 05.04.2022

Læringsressursar

Hvordan planlegge?