Hopp til innhald

Fagstoff

Planlegging av køyre- og kviletid

Når du planlegg eit køyreoppdrag, må du overhalde reglane for køyre- og kviletid. Du må også ta omsyn til arbeidstidsreglementet for yrkessjåførar (FATS).

Eit felles ansvar

Transportleiar er medansvarleg for at køyre- og kviletidsreglane blir haldne, og må derfor legge opp rutene slik at sjåføren får nok pausar og kvile. Dagens moderne flåtestyringssystem gir transportleiaren høve til å sjå kor mykje tilgjengeleg køyretid den enkelte sjåføren har, slik at hen kan bruke denne informasjonen til å planlegge og justere oppdrag. Det er likevel du som sjåfør som har hovudansvaret for å overhalde køyre- og kviletidsreglane. Du kan mest om jobben i praksis og må ta ansvar for detaljplanlegginga.

Bilete av ein fartsskrivar som viser klokkeslett, fart, køyrelengde. Det står også forklaringar på kva dei forskjellige knappane blir brukte til. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Effektiv tidsbruk, men også godt arbeidsmiljø

Det er viktig at du planlegg turen slik at du utnyttar tida best mogleg, men du skal også ha eit godt arbeidsmiljø og trivast på jobb. Planlegg til dømes å ta pausar på stader der du kan stoppe og kjøpe mat, eller på ferjer osb. Då får du utnytta tida du likevel må stå i ro i dei lovpålagde pausane, samtidig som du får ete og slappa av.

Tunge køyretøy leverte etter 2006 har digital fartsskrivar som registrerer all aktivitet som køyre- og kviletidsreglane gjeld for. Du kan lese meir om dette og om detaljar i regelverket i emnet Køyre- og kviletid.

Køyre- og kviletidsreglane

I den interaktive oversikta nedanfor finn du hovudreglane for køyre- og kviletid.

Utstrekk og døgnkvil

Du kjenner sikkert til hovudreglane for køyretid, pausar og døgnkvil. I utgangspunktet skal du ha 11 timar døgnkvil i løpet av 24 timar. Det betyr at du har 13 timar der du må plassere køyretid, pausar og anna arbeid. Denne perioden på 13 timar blir gjerne kalla for utstrekk. Etter 13 timar må du avslutte arbeidsdagen, slik at du rekk å ta 11 timar døgnkvil innan det har gått 24 timar frå du starta arbeidsdagen.

La oss ta eit døme: Om du byrjar arbeidsdagen din kl. 07.00, må du avslutte dagen og byrje på døgnkvil kl 20.00 på kvelden, for då har det gått 13 timar sidan du starta. 11 timar døgnkvil betyr at du må kvile fram til kl 07.00 neste morgon, så kan du byrje å jobbe igjen. Då har det nemleg gått 24 timar sidan oppstarten på førre arbeidsøkt.

Det er tillate å korte ned døgnkvilen til 9 timar tre gonger i veka. Då blir utstrekket på 15 timar. Du kan til dømes jobbe frå 07.00 om morgonen til 22.00 på kvelden. Då må det gå 9 timar før du kan starte opp igjen, og du kan starte tidlegast kl 07.00 neste morgon.

Også maksimal køyretid påverkar når du må ta døgnkvil

Ofte er det utstrekket som kan vere utfordrande å ta omsyn til på lengre oppdrag. Utstrekket er likt same kva du gjer i arbeidsperioden. Om du har køyrt i to eller ti timar, må du framleis ha ny døgnkvil når det har gått 13 (15) timar.

Men det er ikkje berre utstrekket som avgjer når du må ta døgnkvil. På ein langtransportetappe til dømes kan du nå maksimal køyretid før utstrekket er brukt opp. La oss seie at du er på køyreoppdrag i Europa, og du køyrer på motorvegen i ni timar. Du må også ha 45 minutt pause i løpet av arbeidsdagen. Då må du starte på ny døgnkvil etter 9 timar og 45 minutt, du får ikkje lov til å køyre meir før du har hatt ny døgnkvil. Det er altså det som inntreffer først av maksimal effektiv køyretid og maksimalt utstrekk, som bestemmer når du må ta døgnkvil.

Køyring eller anna arbeid?

Har du ein lang dag som kranbilsjåfør, har du kanskje berre køyrt bilen i to timar og stått og krana på byggeplassar resten av tida. Dette er såkalla "anna arbeid", og du må ta døgnkvil når det har gått 13 (15) timar frå du starta dagen, uavhengig av kor mykje du har køyrt.

Lastebil med kran som løftar røyr. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

FATS

Du må også passe på å overhalde forskrift om arbeidstid for sjåførar og andre innanfor vegtransport, forkorta til FATS. Dette er eit regelverk om arbeidstid som utfyller køyre- og kviletidsreglane. Med "andre innanfor vegtransport" meiner ein gjerne sidemenn og hjelpearbeidarar på lastebilar, til dømes renovasjonsarbeidarar. Dei kjem ikkje inn under køyre- og kviletidsforskrifta, men dei kjem inn under FATS, akkurat som sjåføren.

Denne forskrifta seier mellom anna at du kan jobbe maksimalt 6 timar før du tek pause. Dette gjeld anten det er snakk om køyring eller anna arbeid. Vi tek eit døme: Om du arbeider med lasting og lossing på terminal i tre timar og deretter startar på køyreturen, må du ta pause allereie etter tre timar med køyring. FATS overstyrer dei vanlege reglane for køyre- og kviletid som seier at du kan køyre i 4,5 timar før du må ta pause.

CC BY-SASkrive av Arne Skrede.
Sist fagleg oppdatert 10.05.2022

Læringsressursar

Hvordan planlegge?