Hopp til innhald

Fagstoff

Planlegging av persontransport

Når du skal planleggje transport av personar, må du ta omsyn til ei rekkje forhold. Det kan du lære meir om her.
Turistbuss på veg i fjordlandskap med grøne lier og snødekte fjelltoppar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Her skal vi sjå nærare på faktorane som verkar inn på planlegginga og gjennomføringa av eit transportoppdrag.

For at transportoppdraget skal bli ei så god oppleving som mogleg for alle partar, må du planleggje godt.

Forhold du må ta omsyn til
  • kva lover og reglar som skal følgjast

  • talet på passasjerar du skal transportere

  • kven passasjerane er

  • kvar transporten skal gå

  • kva transportmiddel som passar til transporten

  • føremålet med turen

  • når transporten skal skje

  • kva rute du skal køyre

  • kva kostnadene blir

  • kva pris du kan ta

  • kva for dokument som må vere på plass

  • korleis lasting og påstiging skal skje

  • når du skal vere framme på destinasjonen

  • når eventuell retur skal skje

Kva for lover og reglar må du følgje?

For transportoppdrag gjeld ei rekkje lovfesta reglar. Derfor må både transportselskapet ditt og du som yrkessjåfør kjenne til lovverket som gjeld for dei respektive oppdraga. De må kjenne til

  • krav til køyretøy

  • krav til bruk av køyretøy

  • krav til køyre- og kviletid

  • krav til sjåføren

I tillegg stiller passasjerane krav til service og tilleggstenester som må vere på plass for at dei skal vere nøgde.

Relatert innhald

Her kan du lære meir om krava som førarar av tunge køyretøy og buss må oppfylle.

CC BY-SASkrive av Mette Broen.
Sist fagleg oppdatert 24.03.2022

Læringsressursar

Hvordan planlegge?