Hopp til innhald

Fagstoff

Planlegging av godstransport

Kva må du ta omsyn til når du planlegg ein godstransport?
Ein lastebil ved ein lasterampe. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

For at transportoppdraget skal bli best mogleg for alle partar, må du planleggje godt. Her vil du lære meir om kva faktorar som verkar inn på planlegginga og gjennomføringa av godstransport, og kvifor det er viktig og nødvendig å ta omsyn til dette.

Faktorar du må tenkje gjennom

  • kva lover og reglar du skal følgje

  • kven som er oppdragsgivar

  • kva du skal transportere

  • kvar transporten skal gå

  • kva transportmiddel som passar til transporten

  • når transporten skal skje

  • kva køyrerute du skal velje

  • kva kostnader du får, og kva pris du kan ta

  • kva for dokument som må vere på plass

  • korleis lastinga skal skje

  • korleis lossinga skal skje


Omgrepa lover og reglar, teikna i kvar sin boks med pil til høgre. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Lover og reglar du må følgje

Når du skal gjennomføre eit transportoppdrag, krevst det at du følgjer ei rekkje lovfesta reglar. Transportselskap og yrkessjåførar må derfor kjenne til lovverket som gjeld for dei respektive oppdraga.

Det gjeld mellom anna 

  • krav til køyretøy

  • krav til bruk av køyretøy

  • krav til køyre- og kviletid

  • krav til sjåføren

CC BY-SASkrive av Mette Broen og Arne Skrede.
Sist fagleg oppdatert 05.05.2022

Læringsressursar

Hvordan planlegge?