Hopp til innhald

Fagstoff

Ønska og krava til busspassasjerane

Passasjerane ønskjer seg pålitelege transporttenester, men også tilleggstenester som kan gjere reisa meir behageleg.
Eit ungt par som sit i ein buss og ser nøgde ut av vindauget. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kjerneprodukt og tilleggstenester

Når vi snakkar om transporttenester, skil vi mellom kjerneproduktet (kjernetenesta) og tilleggstenester.

Kjerneproduktet: persontransport

Omgrepet kjerneprodukt siktar til behovet som blir dekt når du kjøper ein busstransport. Kjernetenesta er rett og slett transporten frå A til B: Når du set deg på ein buss, er det for å komme deg ein stad. Du har eit transportbehov som du treng å få dekt.

Grafisk framstilling av korleis ulike aktørar bidreg til å skape ei god reiseoppleving for den som reiser med buss.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tilleggstenester

Tilleggstenester er tenester frå busselskapet som skal gjere passasjerane ekstra nøgde med bestilling av reisa og med sjølve turen. Det er sjåføren, trafikkselskapet, fylkeskommunen og den tekniske avdelinga til selskapet eller leverandøren som saman leverer tilleggstenestene og "den gode opplevinga" eit busselskap gjerne vil tilby passasjerane sine.

Døme på slike tilleggstenester kan vere god sitjekomfort, leselys over kvart sete, billettlaus reise, god informasjon og mjuk køyrestil frå sjåføren.

Krav til persontransport

Passasjerane ønskjer seg mellom anna

  • avgang og framkomst i samsvar med tidstabell

  • kort avstand frå haldeplass til reisemål

  • sitjeplass med tilstrekkjeleg beinplass

  • reint transportmiddel

  • mjuk køyring

  • ein vennleg og høfleg sjåfør

Ved lengre reiser kan passasjerane også rekne andre ting som viktige, til dømes

  • leselys

  • regulerbare stolar

  • toalett

  • bagasjeoppbevaring


Etter kvart har det også blitt vanleg med ladepunkt for mobil og nettbrett, og med wifi på tur- og ekspressbussar. Alt dette er viktig for at passasjerane skal bli nøgde med transporttenesta.

CC BY-SASkrive av Gunnar Ottesen.
Sist fagleg oppdatert 27.04.2022

Læringsressursar

Hvordan planlegge?