Utforsk visuell stil i film
Søk i oppslagsverk og andre kjelder på nett og finn ut kva som ligg i omgrepet auteur.
Fordjup deg i ein auteur frå filmverda. Beskriv typiske kjenneteikn ved stilen til denne filmskaparen. Slike kjenneteikn kan vere val av tema, karakterar og miljø, dramaturgiske og forteljetekniske grep, og bruk av biletkomposisjon, klipperytme, lys, lyd og andre verkemiddel. Forklar kvifor du meiner filmskaparen er ein auteur. Skriv minst 250 ord.
Sjå dei første minutta av spelefilmane Louder than bombs (2015) og Thelma (2017). Regi: Joachim Trier.
Kva for likskapar (og eventuelt forskjellar) i innhald og form finn du i desse to filmane? Vurder til dømes bilete og framing, bruk av lyd, lys og andre verkemiddel, klipping, dramaturgi, forteljeteknikk og tema.
Har regissør Joachim Trier ein gjenkjenneleg stil? Grunngi svaret.
Sjå dei første minutta av kortfilmen Skylappjenta (2009) og av spelefilmen Kva vil folk seie (2017). Regi og manus: Iram Haq.
Kva for likskapar (og eventuelt forskjellar) i innhald og form finn du i desse to filmane? Vurder til dømes bilete og framing, bruk av lyd, lys og andre verkemiddel, klipping, dramaturgi, forteljeteknikk og tema.
Har regissør Iram Haq ein gjenkjenneleg stil? Grunngi svaret.
I løpet av tida du har gått på medium og kommunikasjon, har du fått erfaring med praktisk filmproduksjon. Tenk gjennom spørsmåla nedanfor og prøv å svare utfyllande:
Kor mykje vekt har du lagt på det visuelle arbeidet når du har jobba praktisk med filmproduksjon?
Ser du på deg sjølv som ein auteur? Grunngi svaret.
Kva kjenneteiknar den visuelle stilen din?
Korleis kan du vidareutvikle den visuelle stilen din i praktisk produksjon?
I kva grad har arbeidet med desse oppgåvene inspirert deg til å jobbe meir med det visuelle uttrykket i eigne produksjonar?