Hopp til innhald

Fagstoff

Legg botnleidningar

I dette arbeidsoppdraget skal du leggje botnleidning for spillvatn frå eit hus. Det blir gjort på byggjetomta før ein støyper golv på grunnen. Her skal du samle informasjon frå film, tekst og teikning slik at du kan utføre oppdraget.

Oppgåve

  1. Du skal no samle opplysningar frå filmen, teksten og teikninga. Ved hjelp av opplysningane skal du leggje botnleidning for spillvatnet.
  2. Før jobben skal du utføre ein .
  3. Etter jobben skal du dokumentere arbeidet med arbeidslogg og eigenvurdering.

Her kjem filmen.

Botnleidningar

Når stikkleidningane passerer grunnmuren og kjem under golvet på huset, kallar vi dei for botnleidningar.

Oppstikk

Oppstikk vil seie røyra som stikk opp av golvet, og som seinare skal koplast til utstyr og eventuelt førast vidare opp i etasjane.

Vassleidningen har berre eitt oppstikk og skal ikkje ha skøytar under golvet, men førast heiltrekt fram og opp av kjellargolvet.

Spillvassrøyra har fleire oppstikk, og vi har mange reglar å følgje når vi legg skal leggje røyra.

Fall

Alle spillvassrøyr skal leggjast med , og minimumsfallet er 1 : 60. Det vil seie at røyret skal gå 1 centimeter ned for kvar 60 centimeter røyr.

Røyra bør heller ikkje ha for mykje fall, det vi kallar stupfall, sjølv om det av og til ikkje er til å unngå.

Er det for lite fall, kan vi risikere å få eit avløp som ofte går tett fordi vatnet ikkje renn unna.

Er det for mykje fall, kan vi risikere at vatnet renn vekk mykje fortare enn resten som blir trekt ned etter eit toalettbesøk, og då kan det bli liggjande att restar som tettar røyret.


Dimensjonering av røyr


Når vi røyr, må vi forhalde oss til tabellar og reglar frå boka Tekniske føresegner. Vi må sørgje for at vi får eit anlegg som fungerer optimalt og er sjølvreinsande. Vi dimensjonerer òg røyr av omsyn til kostnader og for å ikkje bruke meir materiale enn nødvendig. Den minste dimensjonen på ein botnleidning er 110 millimeter. Eit unntak er forgreining til eitt enkelt utstyr eller oppstikk.


Retningsendringar

På ein botnleidning er det tilrådd å ikkje ha større retningsendring enn 45 gradar. Det vil seie at ein bør bruke maks 45 gradars bend om ein skal skifte retning på røyret. Skal vi ha ein avstikkar på 90 gradar, bruker vi eit 45 gradars greinrøyr. I det kan vi setje inn eit 45 gradars bend.

Stakepunkt

Alle botnleidningar må ha eit stakepunkt slik at det er mogleg å stake kloakken om han går tett. Stakepunkta kan plasserast inne eller på utsida av huset.

Jordingsmuffe på spillvassleidningen

På ein botnleidning av plastrøyr vil det danne seg eit feittlag på innsida av røyra. Feittlaget vil vere straumførande, og dette kan føre til forskjellar i den elektriske spenninga i huset. Då kan du risikere å få støyt når du står på slukrista og tek i dusjbatteriet. For å unngå dette monterer vi jordingsmuffe på botnleidningen. Ho skal plasserast før første greinrøyr på stikkleidningen eller botnleidningen. Denne regelen gjeld berre i hus der det er 230 volts straumnett.

Målsett teikning av botnleidningar for spillvatn under eit hus. Teikning.
Opne bilete i eit nytt vindauge

verktøy

  • spade
  • krafse
  • vater
  • kniv
  • rasp
  • smørjepasta
  • sag
  • meterstokk
  • roterande laser

Materiale

  • avløpsrøyr
  • bend
  • skøytemuffer
  • greinrøyr
  • smørjepasta
  • sluk

Sikker jobb-analyse

Arbeidslogg og egenvurdering

CC BY-SASkrive av Paal Hansen og Kjell Brørs.
Sist fagleg oppdatert 15.05.2020

Læringsressursar

Røyrleggjaren