Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Lag lodderamme

Gjer eit arbeidsoppdrag der du skal lodde saman røyr, muffer og bend. Dette er ein måte å setje saman koparrøyr på. I røyra går vatnet som skal til kranene i eit hus.

Koparrøyr med mjuklodding som skøytemetode blir brukt til forbruksvatn, det vil seie at dei har eigenskapar som gjer at dei kan brukast til vassleidningar i ein bustad. Koparrøyra kan ikkje leggjast inne i veggar, men brukast der dei kan leggjast opne utanpå vegg, oppe i ein systemhimling eller i ei røyrsjakt som er bygd opp for å leie eventuell lekkasje til ein plass som ikkje gjer skade på bygningskonstruksjonen.

I denne oppgåva skal vi sjå nærare på korleis du skøytar koparrøyr med kapillardelar og bruker mjuklodding som skøytemetode.

Dimensjon på røyr og delar er 15 mm.

Sikker jobbanalyse

Før jobben startar, må du utføre ein sikker jobbanalyse (SJA). Dei som skal gjere ein jobb som kan vere farleg møtast og vurderer farane og kva som må gjerast for at ulykker ikkje skal skje. Ein sikker jobbanalyse må utførast før jobben startar. Den skal utførast før alt arbeid som kan vere farleg.

Teikning med mål


Målsett teikning av røyr som er lodda saman. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Verneutstyr

  • arbeidsklede: alltid i verkstad
  • verneskor: alltid i verkstad
  • vernebriller: fare for sprut frå lodding
  • arbeidshanskar: for å verne hender mot etsande loddepasta

Verktøy

  • propanbrennar (turbotorch)
  • røyrkuttar
  • skrustikke

Materiale

  • loddepasta
  • pussematte
  • loddetinn
  • koparrøyr
  • skøytemuffe
  • bend 900
  • skøytenippel

Lodding

Propanbrennaren utviklar sterk varme og kan tenne på både arbeidsklede og andre ting i nærleiken av der du skal jobbe. Når du er klar for å lodde, må du hugse på å ikkje varme røyr og delar for mykje, men prøv deg fram og sjå om loddetinnet «flyt» rundt røyrskøyten. Du må passe på å føre på nok loddetinn. Det skal vere ein tynn sølvring rundt heile loddeskøyten. Loddefeittet sørgjer for at det oppstår ein kapillæreffekt, som gjer at loddetinn flyt inn og fyller heile skøyten, viss du har varma røyr og delar nok.



Utføring

  1. kappe røyr og delar til riktig lengde
  2. pusse røyr og delar med pussematte
  3. smørje på loddefeitt på delane
  4. varme opp til rett temperatur med propanbrennaren
  5. tilføre loddetinn og sjå korleis kapillareffekten fungerer i loddeskøyten
  6. trykkprøving av sluttresultatet, kople til vasstrykk med ein slange og slangeklemme

Arbeidslogg og eigenvurdering

No har du laga di eiga røyrramme av koparrøyr og fått prøvd ut ein av mange samanføyingsmetodar som blir brukte i røyrleggjarfaget.

Du har kanskje òg funne ut at det er fleire ting som er viktige og som du må ta omsyn til for å få ein god og tett røyrskøyt.

Her kan du lage din eigen dokumentasjon av jobben. Hugs å lagre dokumentet før du avsluttar.

Filer

Vedlagt er tegning laget med tegneprogrammet SketchUp og som PDF.

CC BY-SASkrive av Paal Hansen, Kjell Brørs og Gunnar Hovd.
Sist fagleg oppdatert 27.01.2020

Læringsressursar

Røyrleggjaren