Hopp til innhald

Fagstoff

Toalett

Toalett – klosett – do – WC. Dei finst i mange forskjellige fabrikat og utgåver. Dei fleste er laga i porselen, men dei finst også i rustfritt stål for bruk på institusjonar og liknande.

Har du nokon gong tenkt over kva som skjer når du bruker eit toalett? Det første du kanskje tenkjer på, er vasspegelen du ser nedi toalettet. Det har mellom anna til hensikt å hindre at ekkel lukt frå kloakken strøymer inn i huset.

Vasspegelen kallast for vasslås. Alt sanitærutstyr har vasslås, men det er i toalettet det blir vist best. Når du har vore på toalettet, trykkjer du på knappen. Då blir det som ligg i skåla skylt ut i avløpsrøyret.

Følgjande skjer:

  1. Ein utløpsventil opnar når du trykkjer på knappen, og sørgjer for at vatnet strøymer ned i toalettet og skyl ut det som ligg i skåla.
  2. Ein innløpsventil slepper kaldt vatn inn i sisterna.
  3. Ein flottør sørgjer for at innløpsventilen stengjer når vasstanden er høg nok til neste skyljing.
Snitt av eit toalett med namn på delane: flottør, sisterne, innløpsventil, vassrøyr, toalettskål, vasslås, avløpsrøyr, skylleknapp, vatn og utløpsventil. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Typar

  • Frittståande WC er eit toalett som står på golvet.
  • Vegghengt WC med utanpåliggjande sisterne er eit toalett som heng på veggen.
  • Vegghengt WC med innebygd sisterne er eit toalett som heng på veggen, men sisterna er innebygd i veggen.
Toalett i kvitt porselen. Foto.

Alle desse fungerer i prinsippet heilt likt, men eit toalett som heng på veggen, er meir hygienisk. Det har mindre krikar og krokar som det festar seg smuss og støv rundt, og det lettar reingjeringa på rommet og området på golvet der toalettet står.

Fuktskadar

Når vi skal montere eit WC som er ein innbyggingsmodell, må vi sørgje for å gjere nokre tiltak som skal hindre vasskade ved feil eller lekkasje på dei skjulte komponentane inne i veggen. Det kan mellom anna vere ein fuktfølar som stoppar vasstilførselen ved ein eventuell lekkasje.

Det finst òg ein sikkerheitsmebran, eller ein pose som kan leie vatnet ut til ein plass der ein eventuell lekkasje ikkje kan gjere skade på bygningskonstruksjonen, til dømes til eit rom med sluk.

Dusjtoalett

Vasstråle frå dusjtoalett. Foto.

Det nyaste innan toalett, som ikkje er veldig vanleg i Noreg, er det som kallast dusjtoalett. Det vil seie at det spyler deg rein, tørkar deg med ein fønar, og du slepp å bruke papir. Dette er eit miljøvennleg toalett, i og med at vi slepp å bruke toalettpapir. I Japan er det ganske vanleg med slike toalett.

Lenker

Artikkel frå SINTEF: Unngå vasskader frå innebygde WC-sisterner

Installasjonsvideo: Montering av vegghengt toalett med innebygd cisterne (YouTube)

CC BY-SASkrive av Paal Hansen og Kjell Brørs.
Sist fagleg oppdatert 02.04.2020

Læringsressursar

Røyrleggjaren