Hopp til innhald

Fagstoff

Varmekjelder i eit vassbore varmeanlegg

Ein av fordelane med vassborne varmeanlegg er at dei kan bruke fleire varmekjelder for å varme opp vatnet i systemet. I denne artikkelen kan du lese om dei fem vanlegaste varmekjeldene: varmepumper, elkjelar, fyrkjelar, solfangarar og fjernvarme.

Varmepumper

Varmepumper kan hente varme frå ei rekkje ressursar, som til dømes fjell, sjø, jord eller luft. Temperaturen er i utgangspunktet for låg til å overførast direkte til varmeanlegget, og varmepumpa blir då brukt for å gjere energi med låg temperatur varmare.

Heile poenget med ei varmepumpe er at ho skal gi meir varme enn den energien som skal til for å drive ho. Dette blir kalla eller . Det er dette som gjer varmepumpa energisparande.

Inne i varmepumpa er det eit som gjer det mogleg å vinne ut varme. Kuldemediet sirkulerer gjennom ulike komponentar i varmepumpa. Desse komponentane tek kuldemediet frå væskeform til gassform og tilbake igjen. Det er denne prosessen som skaper energien.

Kuldemediet i ei varmepumpe består av ulike kjemiske samband. Mange av dei tradisjonelle kuldemedia er no forbodne i Noreg fordi dei er så skadelege for miljøet. Som installatør må ein passe på å berre installere godkjende varmepumper.

Elektrokjelar

I ein elektrokjele er det elektrisitet som er . Vatnet blir varma opp ved hjelp av elektriske kolbar i kontakt med vatnet eller ved elektrodar som leier straumen direkte gjennom vatnet.

Elkjelar kan monterast som den einaste varmekjelda i varmeanlegget, men er òg vanleg å kombinere med andre varmekjelder, som til dømes varmepumper eller solfangarar. Éin grunn til å velje ein slik kombinasjon kan vere at andre energikjelder ikkje tilfører nok varme åleine, eller ikkje fungerer like godt på vinterstid.

Elkjelar i seg sjølve er ikkje meir miljøvennlege enn den elektrisiteten dei bruker for å fungere. I Noreg er vi velsigna med relativt rein straum i form av vasskraft, som står for om lag 87 prosent av straumforbruket i landet.

Fyrkjelar

Felles for alle typar fyrkjelar er at energien blir vunnen ut ved ein forbrenningsprosess, anten det blir fyrt med olje, kol, gass eller . Forbrenninga skjer i eit brennkammer, og varmen (energien) blir overført til vatnet ved hjelp av konveksjon.

Fyrkjelar som bruker biobrensel, blir ofte kalla biokjelar. Desse bruker til dømes pellets laga av treflis. Pellets brenn veldig reint og forureinar lite. Energiinnhaldet i pellets er mykje høgare enn i ved, og derfor vil du trenge mindre plass til lagring av pellets. Pellets blir gjerne lagra i ein eigen silo på større bygg.

Vedfyrte anlegg blir òg brukt meir og meir. I slike anlegg blir vatnet varma opp og lagra i ein akkumulatortank der det kan brukast til oppvarming gjennom heile døgnet. Dette er fordi du ikkje alltid kan fyre akkurat når det er behov for varmen. Tanken er godt isolert og held derfor på varmen over lang tid.

Solfangarar

Solfangarar kan likne litt på solcellepanel, men i staden for å gjere om sollys til elektrisitet, utnyttar solfangaren den termiske energien frå sola. Solvarme blir brukt til oppvarming av vatn og bygningar mange stader i verda, men har vore mindre brukt i Noreg. Grunnen til dette er dei lange vintrane våre med avgrensa sol då vi treng varmen aller mest. Likevel kan solvarme bidra mykje i kombinasjon med andre varmekjelder.

Hus med solfangar på taket. Pilar illustrerer at kjølig vatn går frå vasstank til solfangar, og varmt vatn går frå solfangar til vasstank. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I Noreg får vi i gjennomsnitt under halvparten av solinnstrålinga som ved ekvator. På grunn av den lange fyringssesongen her til lands blir solfangaren utnytta mest til oppvarming av bygg på våren og hausten. Oppvarming av tappevatn, derimot, har vi behov for heile året. Om sommaren kan dette behovet i stor grad dekkast av solenergi.

Det finst fleire ulike typar solfangarar, men dei vanlegaste består av røyr lagde på reflektorar som er dekte med ei glasplate. Vatnet sirkulerer gjennom solfangaren og blir varma opp. Varmeanlegg med solfangarar er avhengige av ein akkumulatortank for å lagre varmen når det ikkje er behov for han, til dømes på nattetid eller når folk er på jobb.

Fjernvarme og bioenergi

Fjernvarme i seg sjølv er ikkje ei energikjelde, men eit type røyrsystem der oppvarming av vatnet skjer i eit anlegg éin stad, mens det blir nytta i eitt eller fleire bygg andre stader i området. Energien kan vinnast ut av spillvarme frå industri eller ved å brenne eller avfall.

Som røyrleggjar kan du gjere arbeid på sjølve fjernvarmeanlegget, legging av distribusjonsrøyr i grunnen og på anlegg der varmen frå fjernvarmesentralen blir overført til mottakaren.

For at vatnet i fjernvarmerøyra skal kunne sirkulere uavhengig av anlegga dei er tilkopla, blir dei to systema skilde med ein varmevekslar som overfører varmen frå det eine systemet til det andre. Det blir ofte brukt platevarmevekslarar, der vatnet i dei to systema passerer på kvar si side av tynne metallplater som ligg lagvis inntil kvarandre. På den måten blir varmen overført utan at vatnet i dei to systema blir blanda.

Sjekk kva du har lært

CC BY-SASkrive av Marius Weum Stick.
Sist fagleg oppdatert 23.03.2022

Læringsressursar

Røyrleggjaren