Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Monter servant

I denne arbeidsoppgåva skal du montere ein servant på ein vegg. Servanten, eller vasken som vi oftast kallar han, er ein del av sanitæranlegget i eit hus. Det er utstyr som alle bruker mange gonger kvar dag.

Innleiing

Vanlegvis monterer vi servantar 80–85 cm over golvet, men kundane kan sjølve bestemme kor høgt dei ønskjer å ha han. I ein barnehage vil det til dømes vere naturleg å montere han lågare. Servanten, som er ein del av det vi kallar sanitærutstyret, er noko av det siste vi monterer i eit hus. Først må vi føre fram vass- og avløpsrøyr. I dag er det mest vanleg å montere røyr i røyr og avløpsrøyr skjult i veggen, før vi lukkar veggen med veggplater og flis eller baderomsplater.

Standarar med servant og røyr med mål og namn på delar. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Montering før veggen blir kledd med plater

  1. Monter i veggen til feste av veggboksar og til å setje fast servanten.
  2. Monter veggboksar med senteravstand på 15 cm om lag 55 cm over golvet, i senter av veggboksen.
  3. Trekk røyr i røyr frå fordelarskåpet til veggboksane. Kaldt vatn skal vere til høgre, og varmt vatn skal vere til venstre.
  4. Klamre/fest røyra etter reglane for dette.
  5. Før avløpet opp frå golvet, og monter det midt mellom veggboksane.

Sluttmontering etter at veggen er kledd med plater

  1. Finn fram servanten og servantkonsollane du skal montere.
  2. Legg servanten opp ned, og finn ut kor stor avstand det skal vere mellom konsollane.
  3. Trekk frå tjukna på servanten. Då finn du ut kor høgt over golvet konsollane skal monterast. Er høgda på ein ferdig servant 85 cm, og tjukna på servanten 7 cm, blir høgda på servantkonsollane 78 cm over ferdig golv.
  4. Merk senter på servanten forsiktig på veggen med ein tynn blyantstrek.
  5. Mål og vatre ut frå merka til høgre og venstre der konsollane skal monterast.
  6. Skru fast konsollane på veggen.
  7. Legg servanten oppå, og fest han til konsollane med T-boltar.
  8. Monter servantbatteriet, skru i 1/2 × 10 vinkelkoplingar i veggboksane, og kople til servantbatteriet.
  9. Monter vasslås og avløpsrøyr til servant og avløpet som stikk ut frå veggen.

Verktøy

  • vater
  • skrujern
  • verktøy for røyr i røyr
  • skiftenøkkel
  • fleksijern til å feste servantbatteri

Materiale

  • 16 mm røyr i røyr
  • fordelarskåp med fordelarar
  • veggboksar
  • 16 mm klammer til røyr i røyr
  • servantbatteri
  • servantkonsollar
  • servant
  • avløpsrøyr
  • vasslås

Arbeidslogg og eigenvurdering

Her kan du lage din eigen dokumentasjon av jobben. Hugs å lagre dokumentet før du avsluttar.

Filer

Vedlagd er ei teikning laga med teikneprogrammet SketchUp.

CC BY-SASkrive av Paal Hansen og Kjell Brørs. Rettshavarar: Paal Hansen og Kjell Brørs
Sist fagleg oppdatert 06.12.2019

Læringsressursar

Røyrleggjaren