Hopp til innhald

Fagstoff

Trykkvarmar

For å dusje og vaske oss treng vi å varme opp det kalde vatnet vi får inn i huset. Til å varme opp vatnet bruker vi ein elektrisk trykkvarmar (varmtvatnbereder).

Når vatnet kjem inn i huset vårt, har det ein temperatur på om lag 4–6 grader.
Dei fleste liker å dusje eller å vaske hendene i ein litt meir komfortabel temperatur, og derfor må vi få varma opp vatnet før vi tappar det ut av til dømes dusjbatteriet. Vatnet blir varma opp med eit og blir lagra i ein tank.

Her skal vi sjå nærare på korleis ein trykkvarmar som blir varma opp med straum, fungerer.

Modell av ein trykkvarmar og namn på dei viktigaste delane. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppvarming av vatn

  • Når du opnar varmvasskrana, kjem det kaldt vatn gjennom ein vi kallar blandeventilen. Vatnet blir ført ved hjelp av eit røyr nedst i trykkvarmaren.
  • Vatnet i trykkvarmaren blir varma opp til 65–70 grader av det elektriske elementet. Då koplar termostaten ut elementet, og koplar ikkje inn igjen før temperaturen søkk under temperaturen termostaten er innstilt på.
  • Når du opnar varmvasskrana på kjøken eller bad, blir det varme vatnet pressa ut i toppen av trykkvarmaren gjennom varmvassuttaket på blandeventilen og ut i røyrnettet.

Blandeventilen

  • Blandeventilen har to tilkoplingar, ein som fører kaldt vatn inn til nedst i tanken og eitt uttak som førar varmt vatn ut av trykkvarmaren til tappestadane i huset.
  • Sjølv om temperaturen i trykkvarmaren er frå 65 til 70 grader, så ønskjer vi ikkje at temperaturen er meir enn 55 grader på tappestaden. I barnehagar og aldersheim ønskjer vi ikkje høgare temperatur enn 38 grader. Då unngår brukarane å brenne seg når dei tappar varmt vatn.
  • Ved hjelp av blandeventilen justerer vi ned temperaturen på vatnet som går ut i varmvassrøyret.

Sikkerheitsventilen

  • Når 200 liter vatn blir varma opp frå 5 til 70 grader, vil vatnet utvide seg.
  • Viss ingen tappar vatn i denne perioden, vil utvidinga av vatnet i samband med temperaturauken medføre at det blir for liten plass i trykkvarmaren.
  • Vi har derfor sikkerheitsventilen som løyser ut og slepper ut vatn viss det blir for liten plass og trykket aukar.
  • Sikkerheitsventilen har ei fjør som forhindrar at det lek vatn ut ved normalt vasstrykk, som skal vere frå 4–6 2.
  • Sikkerheitsventilen utløyser ikkje før trykket blir 9 kg/cm2 i anlegget. Då byrjar det å renne vatn av han, heilt til trykket i anlegget søkk til under 9 kg/cm2. Då sørgjer fjøra for at pakningen igjen tettar inne i ventilen, og det sluttar å renne vatn ut av han.
  • Trykkvarmaren bør monterast i rom med sluk. Viss han står i eit rom utan sluk, kan du føre eit røyr frå sikkerheitsventilen til eit anna rom der det er eit sluk.


Isolasjonen

  • Oppgåva til isolasjonen er å forhindre varmetap frå trykkvarmaren.
  • Utan isolasjon hadde det gått meir straum for å halde temperaturen på vatnet i trykkvarmaren.

Mantelen

  • Mantelen som er ytst, har som oppgåve å verne og kle inn isolasjonen.

Forbruk og sløsing av varmt vatn

Du har kanskje lagt merke til at viss ein eller fleire i familien dusjar etter kvarandre, eller nokon står i dusjen veldig lenge, så går det tomt for varmt vatn?

Då treng det elektriske elementet ei stund før det klarer å jobbe opp temperaturen opp mot 65 til 70 grader igjen.

For ein trykkvarmar på 200 liter, så vil det ta om lag 5–6 timar frå han er fylt opp av kaldt vatn til han klarer å jobbe seg opp til ideell temperatur.

Vassikkerheit

Vatnet i ein trykkvarmar kan innehalde bakteriar og blir ikkje brukt til drikkevatn. Ein einvegsventil blir derfor montert for å hindre at vatnet frå trykkvarmaren går tilbake til dei kommunale vassrøyra. Når vatnet blir stoppa med ein einvegsventil, må ein ekspansjonstank monterast for å utlikne trykket når vatnet utvidar seg ved oppvarming. Viss ikkje det blir montert ekspansjonstank, kan det kome vatn ut frå sikkerheitsventilen når vatnet blir varma opp.

Filer

Vedlagt er teikning laga med teikneprogrammet SketchUp.

CC BY-SASkrive av Paal Hansen og Kjell Brørs.
Sist fagleg oppdatert 21.02.2020

Læringsressursar

Røyrleggjaren