Hopp til innhald

Fagstoff

Trykk i vassrøyr

Vatnet kjem ut av vasskrana fordi det er trykk i vatnet. For å få eit trykk på 1 kg/cm2 må vi ha ei vassøyle på 10 meter. Det betyr at vassoverflata må vere 10 meter over vasskrana vi tappar vatn av. Eller vi kan bruke ei pumpe som pumpar opp trykket.
Vasstrålar og golfspelar som nettopp har slått ein ball på golfbane. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Trykk i vassrøyr


For at det skal kome vatn ut av røyra i huset, er vi avhengig av eit visst vasstrykk. Normalt vasstrykk bør vere om lag 5 i eit sanitæranlegg. Er du knytt til eit offentleg vassverk, noko som alle byar og mange tettstader har, er det kommunen som er ansvarleg for at det er eit minimum av vasstrykk på røyrnettet. Dette blir mellom anna regulert med pumper og høgdebasseng. I nokre tilfelle kan trykket bli for høgt, då må røyrleggjaren montere ein reduksjonsventil som gjer at trykket kan justerast ned til anbefalt trykk.

Utgangspunktet for vasstrykk er talet på meter vassøyle (mVs).

10 meter vassøyle = 10 mVs = 1 kg/cm2 .

Når vasstrykket skal vere naturleg utan pumper, og vasskjelda ligg 10 meter høgare enn vassuttaket, då har vi: 10 mVs eller 1 kg/cm2 trykk.

Ligg vasskjelda 50 meter høgare enn vassuttaket, så har vi: 50 mVs eller 5 kg/cm2 trykk.

Krav til vassrøyr og røyrleggjar

Sidan vi må ha eit visst trykk i vassrøyra, så må produsentane av røyr og utstyr levere varer som toler vasstrykket. Ofte er utstyret som blir levert trykktesta på 10 kg/cm2. Røyrleggjaren sin jobb er å montere saman alle røyrdelar og utstyr slik at anlegget blir utan lekkasjar. Etterpå er det vanleg å trykkteste anlegget på 1,3 · driftstrykket. Det vil seie at viss driftstrykket på anlegget er 5 kg/cm2, så må det trykktestast på 1,3 · 5 kg/cm2 = 6,5 kg/cm2.

Trykk

  • Det er vekta av vassøyla rett opp som lagar trykket.
  • Vasstrykk blir målt i kor mange kg trykk på 1 kvadrat cm = kg/cm2.

Vi skal setje opp eit reknestykke for å sjå om det kan stemme.

Vi reknar i dm fordi vi veit at 1dm3 = 1 liter = 1 kg.

  • Vassøyle: 10 m = 100 dm
  • Areal: 1 cm2 = 1 cm · 1 cm = 0,1 dm · 0,1 dm
  • Volum av vassøyla: 0,1 dm · 0,1 dm · 100 dm = 1 dm3


Reknestykket viser at: 10 meter høg vassøyle som står på 1 cm2 veg 1 kg. Det gir: 1 kg trykk på 1 cm2 = 1 kg/cm2. Det betyr 1 kg trykk for kvar cm2.

Viss vassøyla på 10 meter har eit areal i botnen som er 10 cm2, blir det totale trykket: 1 kg/cm2 · 10 cm2 = 1 kg · 10 cm2cm2 = 10 kg.

Oppgave

Kor mange kilo må du trykkje med viss du skal stoppe vatnet på enden av eit røyr med handflata?

  • Røyret har 3,2 cm innvendig diameter.
  • Trykket på vatnet i røyret er 5 kg/cm2.
Svar

Arealet som vatnet trykkjer på: 1,6 cm · 1,6 cm · 3,14 = 8 cm2

Kraft du må trykkje med: 5 kg/cm2 · 8 cm2 = 5 kg · 8 cm2cm2 = 40 kg

CC BY-SASkrive av Paal Hansen og Kjell Brørs.
Sist fagleg oppdatert 19.02.2020

Læringsressursar

Røyrleggjaren