Hopp til innhald

Fagstoff

Vassborne varmeanlegg

Vassborne varmeanlegg er ein stor del av røyrleggarfaget, og dei blir brukte i alt frå einebustader til kontorbygg. I denne artikkelen kan du lære om korleis desse anlegga fungerer.
Mann inspiserer sentral for varmeanlegg. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Enkelt forklart

Vassborne varmeanlegg fungerer ved at vatn blir varma opp, og varmen blir overført til det rommet eller den staden der det er behov for han. Vatnet blir varma opp av ei varmekjelde (til dømes ein fyrkjele) og blir overført til rommet når det passerer gjennom varmeavgivaren (til dømes ein radiator). Når varmen er overført, går vatnet tilbake og hentar meir varme. Slik sirkulerer det ved hjelp av ei sirkulasjonspumpe. Røyret som leier vatnet til varmeavgivaren, kallar vi tur, og røyret som leier vatnet tilbake til varmekjelda, kallar vi retur.

Det er viktig å merke seg at det vassborne varmeanlegget er eit lukka system, og sjølv om det kan vere kopla til tappevatnet til bygget for å kunne fyllast opp, vil aldri dette vatnet komme i kontakt med drikkevatnet ditt.

Varmeavgivarar

Varmeavgivarar er den delen av varmeanlegget som overfører varme frå vatnet til rommet. Dei vanlegaste typane er radiatorar, golvvarme og ventilasjonsbatteri.

Radiatorar

Radiatorar er veldig vanlege, spesielt i offentlege bygg. Desse har gjerne noko høgare temperatur enn eit anlegg for golvvarme, og temperaturen på vatnet ligg gjerne mellom 50 og 80 gradar. Dette blir kalla høgtemperaturanlegg. Jo lågare temperatur på vatnet, jo større må radiatoren vere for å kunne overføre den same effekten. Ei ulempe med radiatorar er at dei kan ta mykje plass i rommet. Radiatorar blir oftast monterte under vindauge for å motverke .

To bilete som er sette saman. Biletet til venstre viser ein gammal radiator, mens biletet til høgre viser ein ny radiator. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Golvvarme

Eit vassbore varmeanlegg med golvvarme fungerer ved at varmt vatn sirkulerer gjennom lange røyr (sløyfer) som ligg i eit mønster inne i golvet. Varmen blir overført til rommet gjennom golvkonstruksjonen og sikrar ein jamn og behageleg temperatur i heile rommet.

Temperaturen på vatnet i golvvarmesystemet ligg mellom 25 og 40 gradar avhengig av kor kaldt det er ute, og kor mykje varme rommet treng. Dette blir kalla lågtemperaturanlegg og er mogleg fordi vi kan bruke heile golvet for å overføre varmen. Røyra kan festast til armeringsnett eller isolasjonsplater for betonggolv og leggast i spor (gjerne med varmefordelingsplater) i tregolv.

Ein viktig føresetnad for at golvvarmen skal fungere optimalt, er mønsteret røyra blir lagde i. Dette blir kalla eit leggemønster. Avstanden mellom røyra og kvar i rommet det er størst behov for varmen, har mykje å seie for korleis leggemønsteret blir planlagt.

To bilete som er sette saman. Biletet til venstre viser ein røyrleggar som legg røyr til gulvbore varmesystem med varme gjennom vannrøyr. Biletet til høgre viser eit golv som er under arbeid. Det nedste laget er sponplater. Oppå sponplatene er det lagt varmeutjamningsplater med spor som varmerøyra skal leggast i. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ventilasjon

Vassborne varmeanlegg kan òg brukast for å varme opp ventilasjonslufta i bygg. For at ventilasjonsanlegget ikkje skal blåse kald luft inn i bygget når det er kaldt ute, går tillufta utanfrå innom eit ventilasjonsbatteri som er kopla saman med det vassborne varmeanlegget. I varmebatteriet ligg det røyr, gjerne i ein spiral (koil) og ei vifte blæs lufta gjennom spiralen, og det varme røyret varmar opp lufta.

Varmekjelder

Den største fordelen til det vassborne varmeanlegget er at det finst så mange ulike varmekjelder å velje mellom. Dette gjer at anlegget blir meir fleksibelt og utan større problem kan byggast om eller tilpassast dei varmekjeldene som eignar seg best, òg i framtida.

Nokre av dei vanlegaste varmekjeldene er varmepumper, elektrokjelar, solfangarar, fyrkjelar og fjernvarme. Fossilt brennstoff som olje er no forbode, mens gass framleis er lovleg i avgrensa omfang.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Marius Weum Stick.
Sist fagleg oppdatert 24.05.2022

Læringsressursar

Røyrleggjaren