Hopp til innhald

Fagstoff

Utvendig sanitær

Med utvendige sanitærleidningar meiner vi vass- og avløpsleidningar som ligg i bakken ute. Vi skil mellom tre ulike røyr. Det er vassrøyra, spillvassrøyra og overvassrøyra. Det er òg kummar som har ulike funksjonar. Vi har eigne kummar for vatn, spillvatn og overvatn.

Offentlege vass- og avløpsleidningar

Kommunen er ansvarlege for det offentlege vass- og avløpsnettet. Det vil seie at det er dei som driftar vass- og avløpsnettet. Dette inneber at dei er ansvarlege for at vatnet er reint nok til at vi kan drikke det, utan at vi blir sjuke. For å få til dette har dei vassbehandlingsanlegg der råvatnet går igjennom ulike prosessar, før det kjem ut i røyrnettet. Tilsvarande må òg avløpsvatnet eller spillvatnet, som det heiter, blir reinsa på reinseanlegg før det blir ført ut i vatn, elv eller sjø. I alle større byar og tettstader er det offentlege vassverket, medan det på landsbygda kan vere private vassverk.

Private vass- og avløpsleidningar

Når vass- og avløpsrøyr som skal inn til bustader, blir tilkopla dei offentlege røyra, blir dei rekna som private røyr. Det vil seie at huseigaren er ansvarleg for røyra sine frå tilkoplingspunktet på dei offentlege røyra og inn til huset sitt. Desse røyra kallast stikkleidningar. Huseigaren må sjølv koste på eventuelle reparasjonar viss røyra skulle gå sund. I mange tilfelle vil dette dekkast av husforsikringa, men jo eldre røyra er, dess mindre vil ein få igjen frå forsikringsselskapet.

Vassleidningar

Vassleidningen fører forbruksvatn inn i huset. Det blir brukt til alle gjeremål som vi treng vatn til

  • drikkevatn
  • dusj/bad
  • handvask
  • matlaging
  • oppvask
  • klesvask
  • bilvask
  • hagevatning

Spillvassleidning

Det aller meste av forbruksvatnet som vi bruker, må på ein eller annan måte ut av huset. Det brukte vatnet kjem frå kjøkken, bad, vaskerom og toalett.
Avløpsrøyra leier det brukte vatnet ut av huset og inn på det offentlege spillvassnettet. Då blir det ført til reinseanlegget, der spillvatnet blir behandla gjennom ulike prosessar. Reinsa, og meir eller mindre reint, blir det så sleppt ut i vatn, elv eller sjøen.

Overvassleidning

Overvatn er vatn som kjem frå nedbør som snø eller regn. Dette vatnet skal leiast vekk, sånn at det ikkje skader hus og tomt. Alle hus som har kjellar, skal ha drensrøyr rundt heile huset. Det leier vatnet vekk frå grunnmuren og inn på overvassleidningen. Overvatn treng ikkje å reinsast. Det kan leiast direkte til ein .

Fellesleidning for spillvatn og overvatn

I mange byar går overvatnet inn i den same leidningen som spillvatnet og hamnar dermed på reinseanlegget, sjølv om det ikkje er nødvendig. Før i tida var det ikkje vanleg å leggje ned overvassleidning. Alt vatn vart då ført inn på spillvassleidningen. Sånn vil det òg vere i mange år framover, då det er altfor omfattande å få grave ned overvassleidningar i alle byar og tettstader. Men viss det blir utført oppgraderingar på nettet, er det vanleg å leggje ned overvassleidningar og få eit for spillvatn og overvatn.

Kummar

  • I ein kum for vassleidningar er det ofte ventilar, viss det skulle vere behov for å stengje vatnet.
  • I kummar for spillvatn er det ofte stakepunkt. Her kan det stakast og bli spylt, viss leidningen går tett.
  • Kummar er òg samankoplingspunkt for fleire røyr.
  • Kummar for overvatn fungerer som sluk for regn og smeltevatn. Dei har eit sandfang som samlar opp sand og grus, så det ikkje kjem inn i røyra.
Byggjetomt med røyr, kum og gravemaskin. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Lenkje til film

Vatn og avløp i Trondheim (YouTube)

CC BY-SASkrive av Gunnar Hovd, Paal Hansen og Kjell Brørs.
Sist fagleg oppdatert 10.01.2019

Læringsressursar

Røyrleggjaren