Hopp til innhald

Fagstoff

Sprinklaranlegg

Eit sprinklaranlegg i ein bustad, eit næringsbygg eller eit offentleg bygg skal verke brannhemmande og i beste fall sløkke eit branntilløp i ein bygning. Erfaringar viser at sprinklaranlegg er svært effektive og sløkker eller kontrollerer cirka 97 % av alle brannar i bygg der slike anlegg er monterte.
Sprinklarhovud og vannrøyr i taket på eit parkeringshus,  sett ovanfrå. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Funksjon

Eit sprinklaranlegg blir styrt frå ein sprinklersentral. Ut frå sentralen er det lagt røyr som fordeler seg i bygningen. På røyra er det plassert sprinklerhovud. Kor mange sprinklarhovud som trengst, avheng av storleiken på arealet som skal brannsikrast.

Sprinklerhovuda fungerer slik at det er ein ampulle plassert i hovudet. Denne ampullen sperrar for vatnet. Viss det byrjar å brenne og temperaturen stig, sprekk ampullen. Vatnet kjem då ut av sprinklerhovudet, som spreier vatnet rundt i rommet. I eit vanleg sprinklerhovud sprekk den raude ampullen ved 68 grader Celsius.

Sprinklerhovud med ulik dekningsgrad

  • Sprinklerhovud i ordinær fareklasse dekker 12 m².

  • Ein del bygningar har høgare fareklasse, til dømes lagerbygg og garasjar. I denne typen bygningar skal det brukast sprinklerhovud som dekker eit areal på cirka 9 m2. Tilrådd avstand mellom sprinklerhovuda er 3 m. Det er vanleg at røyrleggaren bruker gjenga stålrøyr når hen lagar sprinklaranlegget.

  • I skule- og kontorbygningar, men også i ein del bustader, bruker ein sprinklerhovud med utvida dekning. Det betyr at sprinklerhovuda skal dekke inntil 37,2 m² flate. Det er alltid viktig å sjekke databladet til sprinklerhovuda når ein skal planlegge sprinklaranlegget for eit bygg.


Vurdering og omsyn

Eit sprinklaranlegg må prosjekterast og godkjennast av ein person som er spesialist på området. Ein må ta omsyn til kva bygget skal brukast til: om det til dømes er eit bygg der det er folk berre på dagtid, eller om det er ein pleieheim der det òg finst folk som har vanskar med å gå.

Ein må dessutan ta omsyn til om det er eit bygg med få brennbare materiale og dermed låg brannbelastning, eller om brannbelastninga er høg på grunn av mange brennbare materiale.

Krav til fareklassen OH

Den vanlegaste fareklassen for næringsbygg blir kalla for OH, det vil seie ordinær fareklasse i eit bygg med middels brennbarheit og brannbelastning.

  • Sprinklaranlegget skal kunne stå imot ein brann i 60 minutt.
  • Røyrklammer må vere festa i berande konstruksjonar.
  • Alle sprinklarrøyr skal vere måla med rustvernande måling.

Ulike typar sprinklaranlegg

Ved val av sprinklaranlegg må ein ta omsyn til kor kaldt det kan bli i bygget.

Våtsprinklaranlegg

Sprinklaranlegg med berre vatn blir brukte når det ikkje er fare for at vatnet skal fryse i sprinklarrøyra. Dette er den vanlegaste typen sprinklaranlegg.

Tørrsprinklaranlegg

I bygg der det kan vere frostfare, til dømes på eit loft eller i eit parkeringshus, kan det nyttast tørrsprinklaranlegg. I tørrsprinklaranlegg er det luft under kontrollert trykk i røyra. Viss eit sprinklerhovud sprekk, mistar anlegget trykket. Då vil sprinklarsentralen opne for vatnet og vatnet vil strøyme ut i røyra.

Glykolsprinklaranlegg

Også glykolsprinklaranlegg blir brukte i bygningar der temperaturen kan søkke til under null grader. Glykolsprinklaranlegg har ein eigen tilbakeslagsventil og ei pumpe der røyrleggaren fyller på glykol (frostvæske). Sprinklarrøyra er då fylte med glykol, som ikkje frys. Ved ei utløysing av eit sprinklerhovud blir glykolen spreidd først, deretter kjem det vatn frå sprinklarsentralen.

Etter ei utløysing av sprinklerhovud i glykol- og tørrsprinklaranlegg er det viktig at det blir drenert ut vatn. Då unngår ein at røyr og delar frys og går sund. Ein må gå over anlegga og sette dei i driftsmessig stand igjen.

Bustadsprinkling

Det blir stilt lågare krav til eit sprinklaranlegg i ein bustad enn til eit sprinklaranlegg i eit næringsbygg. Til sprinklaranlegg i bustad bruker ein det ordinære vassinntaket til bustaden. Sidan krava er lågare, vil også installasjonskostnadene for byggherre og tiltakshavar vere lågare.

Det er også mogleg å bruke pex-røyr i røyr (plastrøyr) der ein har eit våtsprinklaranlegg. Då er det lettare for røyrleggaren å skjule røyra i bygningskonstruksjonen.

Godkjenning og kontroll

Til slutt må anlegget godkjennast av den som prosjekterte det, eller ved sidemannskontroll. I ettertid er det krav om årleg kontroll, testing og ettersyn av anlegget.

Vidare lesnad om brannvern og sprinklaranlegg

Brannvernsforeninga sine nettsider

Artikkel om eksplosjon i sprinklaranlegg

CC BY-SASkrive av Paal Hansen, Kjell Brørs og Haldor Hove.
Sist fagleg oppdatert 28.10.2022

Læringsressursar

Røyrleggjaren