Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Lag gjengeramme

Lag ei ramme av svarte gjenga smijernsrøyr. Smijernsrøyr blir hovudsakleg brukt til sprinklaranlegg og varmeanlegg. Dei kan ikkje brukast til forbruksvatn eller drikkevatn, fordi oksygenet i vatnet vil føre til korrosjon og rust i røyra.

Senteravstand

Eit vanleg måleomgrep i fleire fag er c/c, eller som vi seier: senter/senter.

I røyrleggarfaget brukar vi ofte omgrepet senter/senter røyr, det vil seie at vi måler frå midt i eit røyr til midt i eit anna røyr. Viss vi til dømes skal montere eit røyrstrekk i eit tak med fleire røyr, kan vi seie at dei til dømes skal liggje med ein avstand på 10 cm senter/senter mellom kvart røyr. Målemetoden c/c er utgangspunktet for denne røyroppgåva.

Målsett rektangulær ramme av gjenga smijernsrøyr. Teikning.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Utføring

Smijernsrøyra blir leverte i lengder på 6 meter, og for å kappe desse røyra er det enklast å bruke ein bandsag eller ein røyrkuttar. Då bruker vi «kalde» kappemetodar og unngår å kome i konflikt med reglane for .

  1. Kapp røyra i riktig lengde. Du kan ikkje kappe røyret 500 mm, men finne ut kor mykje olbogen «byggjer». Det er avstanden frå enden av gjenget i olbogen til senter i den (sjå teikning). Den avstanden må du trekkje frå på begge sider for å kome fram til kor langt røyret skal vere. Hugs å gjere det same med union og T-stykke.
  2. Du må hampe røyra for at skøytane skal bli tette. Då må du òg impregnere hampen med gjengepasta.
  3. Skru saman delane med røyrtong. Pass på å skru saman til du har det rette målet, utan å skru så hardt at du øydelegg røyrdelane.
  4. Lag gjenge på røyra. Det enklaste er å bruke ei elektrisk gjengemaskin for å «slå» gjenge på røyret. Det går òg an å bruke ei manuell gjengeskralle.

Verktøy

  • bandsag
  • røyrkuttar
  • gjengemaskin
  • røyrtong
  • skrustikke

Materiale

3/4 tomme er dimensjonen på dei fleste delane i denne oppgåva.

  • smijernsrøyr
  • olboge
  • tippunion
  • T-stykke
  • hamp
  • gjengepasta

Vurderingskriterium

Senteravstand, lekkasjar, nøyaktigheit, bruk av verktøy og utnytting av materiale blir vurderte.

Arbeidslogg og eigenvurdering

Her kan du lage din eigen dokumentasjon av jobben. Hugs å lagre dokumentet før du avsluttar.

Filer

Vedlagt er tegning laget med tegneprogrammet SketchUp

CC BY-SASkrive av Paal Hansen og Kjell Brørs. Rettshavarar: Paal Hansen og Kjell Brørs
Sist fagleg oppdatert 25.11.2019

Læringsressursar

Røyrleggjaren