Hopp til innhald

Fagstoff

Innvendig sanitær

Innvendig sanitæranlegg handlar om korleis vass- og avløpsleidningar er lagde innanfor dei fire veggane i huset. Mange liker å ta seg eit varmt og godt bad, men har du tenkt på korleis røyrsystemet i huset verkar for å få dette til?
Badekar som fyllast med vatn som skummar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eit innvendig sanitæranlegg består av røyr og røyrdelar både for vatn og avløpsrøyr, og dessutan utstyr som til dømes bad, toalett, dusj, servant og kjøkenbenk. Dette er ting som du garantert bruker kvar dag, men har du nokon gong tenkt over kva som skal til for at du til dømes skal ta deg ein dusj med ein temperatur på vatnet som du synest er behageleg å dusje i?

Botnleidningar

Botnleidningar er ei fellesnemning på vass- og avløpsrøyr røyr som ligg innanfor grunnmuren under golvet. Vi har vassrøyr og avløpsrøyr. Avløpsrøyra har fagnemninga spillvassleidning, medan vassrøyra kallast vassleidning.

Synleg sluk og avløpsrøyr i betonggolv før støyp. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Spillvassleidningen


Ved legging av botnleidning (avløpsrøyret) er det mange reglar å halde seg til. Røyra må ha rett dimensjon, sånn at spillvatnet skal kunne leiast bort i takt med tilløpet. Du kan sjå for deg at vatnet som skal skyljast ut frå eit toalett, treng eit røyr med større dimensjon enn vatnet som blir skylt ut frå ein servant.

Å finne ut rett dimensjon på røyr kallast dimensjonering. Då må vi halde oss til reglane og tabellar som står i boka Tekniske avgjørelser. For botnleidningen i ein einebustad er minste dimensjon 110 mm. Du kan bruke 75 mm røyr viss røyret skal til eitt enkelt utstyr eller opplegg og ikkje overstig verdiane i tabellane vi bruker.

Det er òg viktig at avløpsrøyra må leggjast med fall. Minimumsfall på avløpsrøyr er 1:60. Det vil seie at det minimumet skal vere 1 cm med fall for kvar 60 cm med røyr du legg ut.

Det finst avløpsrøyr av ulike plastmateriale:
  • PP (polypropylen) har svart farge, men du kan få det i oransje farge


  • PE (polyetylen) har svart farge med blå stripe


  • PVC (polyvinylklorid) har oransje farge

Vassleidningen

Vassrøyret i botnleidningen blir levert i kveilar og er lette å leggje. Vanleg dimensjon på eit vassrøyr til ein einebustad er 32 mm. Det er som regel same dimensjon frå tilkoplingspunktet til den offentlege vassforsyninga og heilt inn i bustaden. Ein vassleidning som ligg i bakken under golvet, bør helst vere heiltrekt. Det vil seie at det ikkje er nokon skøytar på røyret.

Vassrøyret er ofte laga av eit plastmateriale som kallast PE (polyetylen).

Vatn og avløp over kjellargolvet

Avløpsrøyra

Noko som er ganske vanleg, er at ein bustad har fleire etasjar. Det er ofte eit bad, do eller kjøken i nokon av desse etasjane. Då må vi leggje fram røyr til dei. Røyra blir ofte lagde inne i vegger eller sjakter. I nokre tilfelle blir dei kassa inn i hjørne på veggar eller oppunder tak. Ved montasje av avløpsrøyr over golv må røyra òg dimensjonerast for at spillvatnet skal kunne leiast bort i takt med tilløpet, utan å valde skadar på bygningskonstruksjonen.


Den mest vanlege typen spillvassrøyr innomhus er PP-røyr av plast, eller MA-røyr. MA-røyr er røyr laga av støypejern. Det er meir brannsikkert og mindre utsett for temperatursvingingar. MA-røyr gir mindre støy når det blir trekt ned i toalettet. Kanskje har du lagt merke til at viss nokon trekkjer ned i toalettet, så høyrest det ut som ein liten bekk inne i veggen. Av og til kan du høyre nokre slag og dunk. Dette kan vere sjenerande viss det er på soverommet du høyrer dette. Plastrøyr er mykje lettare å montere enn MA-røyr og er billegare i innkjøp. Derfor blir det brukt mest plastrøyr i bustader.

Vassrøyra

Innomhus i bustaden er det mest vanleg å bruke koparrøyr der røyra ligg opent utanpå veggen, og røyr-i-røyr når røyra skal monterast skjult inne i veggen.

Røyr-i-røyr vil seie at det ligg eit varerøyr utanfor vassrøyret, og det har fleire hensikter. Det er eit krav i TEK17 at eventuell vasslekkasje skal oppdagast raskt, ikkje gjere skade på konstruksjonen, og at røyra skal kunne bytast ut utan at demontering av veggar og tak er nødvendig. Dette er fullt mogleg viss røyr-i-røyr-systemet er montert etter reglane for dette.

Til liks med spillvassrøyr så må òg vassrøyr dimensjonerast for å få eit godt fungerande anlegg. Det vil seie at vi må berekne kva storleik vi skal ha på røyra frå inntaket og fram til kvart enkelt utstyr, sånn at viss du dusjar og nokon annan tappar i ein vask, så skal det ikkje merkast på vassmengde og temperatur i dusjen din.

Dette med å bruke rett dimensjon på røyra, ikkje for små og ikkje for store, er òg eit spørsmål om pengar, og å unngå å bruke meir av ressursane som går med på å produsere røyr enn nødvendig.

Skjult installasjon

Røyr-i-røyr-anlegg på uferdig baderom. Isolasjon, røyr og plater rundt omkring. Fotomontasje.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Synleg installasjon

Synleg røyrføring med kromma koparrøyr i eit rom med sluk og i eit rom under vask og ved sida av toalett. Fotomontasje.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vasskadesikker installasjon

Det som er felles for skjult og synleg røyrmontasje, er at alle røyra kan skiftast ut utan å rive andre bygningskonstruksjonar. Dette kallast ein vasskadesikker installasjon. Grunnen er at eventuelle lekkasjar blir leidde til sluk, utan å skade bustaden.

CC BY-SASkrive av Gunnar Hovd.
Sist fagleg oppdatert 10.01.2019

Læringsressursar

Røyrleggjaren