Klimakjøling og isvassanlegg
Mange har i dag montert luft til luft-varmepumpe i bustaden sin. Ho er der for å varme opp, men kan nyttast til å kjøle ned. Prosessen i varmepumpa blir reversert.
På same måte som eit varmeanlegg kan varme opp, kan eit kjøle- og isvassanlegg senke temperaturen i ein bustad eller eit lokale. Isvatn er kaldt vatn med ca. 8 gradar. Det kan gå til eit kjølebatteri i ventilasjonen for at lufta som kjem inn i rommet, skal bli kjølig.
Isvasstank
Vatn som er kjølt ned, kan lagrast i ein tank. Dette kallar vi ein isvasstank. Han fungerer i prinsippet på same måte som ein varmtvasstank, som kan ha 200 liter varmt vatn på 80 gradar. I tanken er det ofte eit elektrisk varmeelement som er kjelda til varmen i vatnet. I ein isvasstank kan det avkjølte vatnet komme frå ei varmepumpe som tar kjølekretsen innom isvasstanken.