Strategiar for å lære norsk

Kva er strategiar for å lære eit språk?
Når vi snakkar om ulike strategiar for å lære norsk, meiner vi ulike måtar eller metodar du bruker for å lære språket. Nokre veit godt kva strategiar dei bruker og jobbar medvitent med dei. Andre tenker mindre over dette og bruker kanskje strategiar utan å vere klar over det.
Del 1: Strategiane dine for å lære norsk
A. Jobb åleine
Skriv ned: Korleis jobbar du for å lære norsk? Skriv ned to–tre ulike strategiar du bruker.
B. Sit i grupper på tre–fire personar
Fortel kvarandre om dei ulike strategiane de bruker.
Diskuter kva for strategiar de synest verkar spesielt godt for å bli betre i norsk.
Del 2: Sjå ein film om strategiar for å lære norsk
I filmen "Strategiar for å lære norsk" møter vi språkprofessor Irmelin Kjelaas og tre personar som held på å lære norsk: Muhammed, Huda og Vitalii. Alle fire fortel om ulike strategiar for å lære norsk.
Skriv ned råda frå dei fire personane mens de ser filmen. Lag gjerne ei oversikt eller ein tabell som ser slik ut:
Råd frå Irmelin: | Råd frå Mohammed: | Råd frå Huda: | Råd frå Vitalii: |
|---|---|---|---|
Sjå filmen "Strategiar for å lære norsk" (lengde 4:39).
Del 3: Diskuter filmen
Fortel kvarandre kva råd de skreiv ned frå filmen.
Kva for nokre av strategiane bruker de for å lære norsk?
Kva strategiar bruker de ikkje, men kunne de tenke dykk å bruke?
Skriv eventuelt ned strategiar du ikkje fekk med deg då du såg filmen.
Del 4: Ei veke med nye strategiar
No skal de prøve nokre av dei strategiane de har lært om. Sett av ei veke til å prøve dei. Vel ut minst to av strategiane saman i klassen:
Strategi: Snakk med deg sjølv

Set av tid kvar dag til å snakke høgt med deg sjølv på norsk. Du kan til dømes gjere dette når du
står opp om morgonen ("Eg har ei blå bukse. No tek eg på meg den blå buksa. Etterpå skal eg pusse tennene ...")
lagar mat ("No skal eg ete brød. Eg skjer to brødskiver. På dei to brødskivene skal eg ha ost ..."
Strategi: Snakk i mindre grupper

Lag grupper på tre–fire personar i klassen. Sit saman i friminutta. Bestem dykk for eit tema de skal snakke om. Det kan vere:
Dette vil eg gjere i framtida.
Dette er hobbyane mine.
Dette er favorittfaget mitt på skulen.
Dette liker eg å sjå på på mobilen.
Eller det kan vere kva som helst! De lagar temaa sjølve.
Strategi: Snakk masse!

Få læraren dykkar til å finne norske pratevenner blant elevane på skulen. Læraren inviterer pratevennene på besøk minst tre gonger i løpet av veka. Sitt saman i ti minutt kvar gong, og bli kjend med kvarandre. Hugs både å stille og svare på spørsmål.
Skriv gjerne ned nokre spørsmål før det første møtet.
Hugs kva Huda seier i filmen: Ikkje ver redd for å feile!
Strategi: Sjå på tv eller mobilen

Finn noko på norsk som du vil sjå på på tv eller mobil. Det kan vere ein serie, ein dokumentar eller noko anna.
Skriv ned nye ord du lærer mens du ser.
Skriv eit samandrag av det du såg.
Strategi: Snakk i telefonen

Lag ein avtale med den norske pratevennen din eller med ein annan i klassen. Snakk norsk saman fem minutt kvar dag.
Strategi: Bruk ditt eige språk

Spør læraren din om kva de skal ha om neste dag. Be læraren lage ei liste over fagomgrep de skal lære.
Les om temaet på førstespråket ditt før timen. Set om fagomgrepa frå norsk til førstespråket ditt.
Strategi: Del opp samansette ord
Sjå ein film om samansette ord (lengde 2:26).
Bruk tid i kvar norsktime til å skrive ned samansette ord frå læreboka.
Del opp dei samansette orda slik at de finn ut kva ord det samansette ordet er laga av.
Set om og forklar orda på førstespråket ditt.
Lag setningar med dei samansette orda.
Del 5: Refleksjon etter ei veke
Når de har prøvd strategiane ei veke, bør de reflektere over korleis veka har vore.
Oppgåve 1. Individuell refleksjon
Skriv ein kort tekst (fem til ti setningar) der du svarer på desse spørsmåla:
Kva strategiar prøvde du denne veka?
Kva strategi verka best for deg? Kvifor?
Var det strategiar du syntest var vanskelege eller ikkje likte? Kvifor?
Vil du halde fram med å bruke nokre av desse strategiane framover? Kva for nokre?
Oppgåve 2. Diskusjon i små grupper (tre–fire personar)
Fortel kvarandre kva strategiar de likte best.
Kva strategiar trur de fungerer best for å lære norsk raskare?
Har de prøvd nokre nye strategiar som ikkje var med på lista? Del med gruppa!
Oppgåve 3. Felles oppsummering i klassen
Læraren lagar ei liste på tavla over dei strategiane flest elevar synest fungerer best. Diskuter desse spørsmåla saman:
Kvifor fungerer desse strategiane godt?
Korleis kan de bruke dei meir i kvardagen?
Kva kan vere neste trinn for å bli endå betre i norsk?