Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve

Øv deg på vanlege substantiv frå jobben

I denne oppgåva skal du øve deg på vanlege substantiv frå praksis og jobb gjennom å lese, skrive og bruke kunstig intelligens.

Oppgåve 1. Substantiv i jobb og praksis

Kvart yrke har nokre substantiv som blir brukte ofte i jobben. Det er lurt å vite kva dei betyr og øve på å skrive og bøye dei rett. Under ser du døme på substantiv ein bilmekanikar ofte bruker:

mekanikar
ein person som jobbar med å reparere og halde ved like bilar
motor
den delen av bilen som får han til å køyre
dekk
dei runde gummidelane på bilen som rullar på vegen
bremsar
ein del av bilen som får han til å stoppe
service
når mekanikaren sjekkar bilen for å sjå om alt fungerer som det skal

Del 1: Snakk saman om vanlege substantiv

Jobb saman to og to.

  1. Snakk saman om kva for substantiv som er vanlege i yrket de utdannar dykk til. Bli einige om tre substantiv som de skriv på tavla.

  2. Snakk saman om kva for situasjonar de bruker substantiva i.

  3. Diskuter substantiva som står på tavla. Klarer de å bli einige i klassen om kva for nokon fem de meiner er mest brukte? Grunngi synspunkta dykkar og bli einige om ei fem på topp-liste.

Del 2: Lag ordliste og setningar med vanlege substantiv

  1. Lag ei liknande liste med 5–10 substantiv som blir brukte mykje i yrket de utdannar dykk til. Bruk gjerne nokre av forslaga frå tavla i del 1.

  2. Slå opp i ordboka Lexin eller ordbøkene og skriv ned rett kjønn og rett bøying på substantiva du har funne.

    • Døme: ein mekanikar (hankjønn): Ein mekanikar – mekanikaren –mekanikarar – mekanikarane

  3. Lag setningar til kvart av substantiva slik som i dømet under:

    • Vi får ein ny mekanikar på jobb på torsdag.

    • Mekanikaren kjem frå ein annan bilverkstad i byen.

    • Vi må tilsette fleire mekanikarar denne våren.

    • Alle mekanikarane våre er flinke fagfolk.

Del 3: Alias: Gjett substantivet

Jobb saman to og to. Bruk substantiva som de valde i del 2. Ein av dykk skal forklare eit substantiv utan å bruke sjølve ordet. Den andre skal gjette kva substantiv det er som blir forklart.

Døme: Substantivet er "kunde".

Forklaring: Det er ein person som kjem for å få hjelp med noko av ein tilsett på butikken.

Del 4: Bruk KI til å lage bilete av substantiva

Bruk NDLAs biletrobot til å lage bilete av substantiva i del 1. Sjå på dømet under viss du treng tips til korleis du kan gjere det.

Hugs å beskrive presist, slik at du får eit bilete som viser akkurat det du vil. Kopier biletet inn i eit dokument saman med substantivet.

Til substantivet "mekanikar":

Her ser du kva slags bilete biletroboten laga då vi la inn beskrivinga: Ein mekanikar jobbar med å skifte dekk på ein bil. No er det din tur til å lage bilete!

Del 5: Snakk saman med ein medelev

Gå saman to og to. Svar munnleg på oppgåvene under.

  1. Vis fram bileta de har laga i del 4. Fortel om bileta og substantiva de har valt.

  2. Veit de korleis substantiva blir bøygde på norsk, og kva for kjønn dei har? Øv saman. Bruk døma frå oppgåve 1C viss de treng hjelp.

  3. Kvifor er det viktig at de som har norsk som andrespråk, lærer substantiv som er mykje brukt i praksis og på jobb? Grunngi svaret.

Relatert innhald

Skrive av Elisabeth Lønning.
Sist oppdatert 04.03.2025