Jobb med cv
Oppgåve 1. Rett eller gale om cv?
Jobb gjerne to og to saman. De skal ta stilling til om påstandane stemmer eller ikkje.
Oppgåve 2. Set utdanning i rett rekkefølge på ein cv
Jobb gjerne to og to saman. De skal plassere utdanningane i oppgåva under i rett rekkefølge ved å dra og plassere dei i dei tomme felta øvst. Viss du er usikker, les fagartikkelen om korleis du skriv cv.
Oppgåve 3. Undersøk ein cv nærare
Studer dette dømet på cv nøye før du svarer på spørsmåla under.
Kva utdanning har Marita Karlsen teke?
Kva sommarjobb hadde Marita Karlsen i 2019?
Marita Karlsen skriv under "personlege eigenskapar" at ho er påliteleg.
Kva betyr dette? Slå opp i ordboka viss du er usikker på betydninga.
Kvifor er det å vere påliteleg ein positiv eigenskap når du søker jobb?
Kven har Marita Karlsen sett opp som referansar?
Kva stillingstitlar har dei to referansane?
Kva jobb trur du at Marita Karlsen kan vere aktuell for ut frå denne cv-en? Grunngi svaret ditt.
Nemn nokre jobbar Marita Karlsen ikkje er kvalifisert for. Grunngi svaret ditt.
Oppgåve 4. Forklar korleis ein cv skal sjå ut
Forklar ein medelev korleis ein cv skal setjast opp rett. Du kan sjå på dømet heilt øvst på denne sida når du forklarer.
Pass på at du bruker rett fagspråk, som mellom anna "referanse" og "attest". Du finn fagomgrepa du treng til ein cv i fagartikkelen om korleis du skriv cv.

Oppgåve 5. Skriv ein cv
Lag din eigen cv. Bruk dømet under som mal for korleis du kan setje opp cv-en din.
- Curriculum vitae(DOCX)
Curriculum vitae
Relatert innhald
Gode råd for korleis du kan setje opp ein cv.
Ein CV er vanlegvis eit vedlegg til ein jobbsøknad. CV-en fortel kven du er, kva du har lært, og kva du har gjort hittil i livet.