Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Video

Skriv eit formelt brev

Det er faste reglar for korleis vi skal setje opp formelle brev. Her lærer du meir om formelle brev, og du får lese ein modelltekst.

Før du les

Sjå nærare på desse omgrepa før du les vidare:

Formelt brev
Eit formelt brev er eit sakleg og seriøst brev som er sett opp etter bestemde reglar. Til dømes eit klagebrev eller eit søknadsbrev.
Avsendar
Avsendar er den som sender eller gir noko frå seg, til dømes den som sender eit formelt brev.
Mottakar
Mottakar er den som får eller tek imot noko, til dømes den som får eit formelt brev.
Vedlegg
Eit vedlegg er eit dokument, eit bilete eller noko anna som er lagt ved det formelle brevet.
Signatur
Ein signatur er ei underskrift som viser kven som har skrive brevet.

Kva skal vere med i eit formelt brev?

Sjå film (lengde 3:47)

Video: Tom Knudsen / CC BY-ND 4.0

Det er faste reglar for kva som skal vere med i eit formelt brev. Under er det eit døme på eit formelt brev. Det er lurt å sjå på dømet samtidig som du les artikkelen.

  • Modelltekst, formelt brev

  • Språk

    Det er viktig at du har eit og språk i eit formelt brev. Når du skriv eit formelt brev til ein bestemd person, er det vanleg å bruke "du". Skriv du til ei , ein eller liknande, og ikkje til ein bestemd person, skriv du "de".

    Avsendar

    Når du er avsendar, skal du setje opp namnet og adressa di øvst i venstre hjørne. Skriv telefonnummeret ditt og e-postadressa di rett under postadressa.

    Dato

    Dato skal stå på same linje som poststaden, litt til høgre for midten. Datoen er lettast å lese viss du skriv namnet på månaden slik som i dømet under:

    4. mai 2025

    Forkortingar på månader

    Viss det er lange namn på månadene, kan du bruke forkortingar:

    januar: jan.

    februar: feb.

    august: aug.

    september: sep.

    oktober: okt.

    november: nov.

    desember: des.

    Mottakar

    Lag eit mellomrom på to linjer og skriv opp namnet og adressa til mottakaren.

    Overskrift

    Overskrifta skal fortelje kva brevet handlar om. Ho skal stå med feit skrift og utan understreking. Det skal ikkje vere punktum i overskrifta.

    Innleiing

    Innleiinga i brevet skal vere kort. Forklar kva sak du tek opp.

    Viss du svarer på eit brev, startar du alltid med å vise til brevet du svarer på. Det kan du gjere ved til dømes å skrive: "Eg viser til brev datert 3. juni 2025, der det står at eg må flytte ut frå leilegheita innan august."

    Etter innleiinga markerer du avsnitt med ei heil tom linje.

    Hovuddel

    I hovuddelen skriv du meir om saka. Her skriv du òg om ting du eventuelt lurer på. Du kan setje det opp som punkt. Lag igjen eit nytt avsnitt ved å hoppe over ei linje før du startar på avslutninga.

    Avslutning

    Avslutninga skal vere kort. Be gjerne høfleg om eit raskt svar. Avslutt med "Med helsing" eller "Med vennleg helsing" og skriv under med for- og etternamn.

    Vedlegg

    Vedlegg er dokument, bilete eller anna som du legg ved det formelle brevet. Talet på vedlegg skriv du opp heilt til slutt, nedanfor underskrifta.


    Relatert innhald

    Skrive av Elisabeth Lønning og Marion Federl.
    Sist oppdatert 02.03.2026