Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Slik skriv du ei møteinnkalling

Har du vore på eit møte på jobb eller i fritida? Ofte får vi ei innkalling før møtet sånn at vi veit kva saker som blir tekne opp. No skal du lære korleis du skriv ei slik møteinnkalling.

Før du les

Desse fagomgrepa bør du sjå nærare på før du les vidare:

Møteinnkalling
Ei møteinnkalling er ein formell invitasjon til eit møte. I innkallinga får du mellom anna informasjon om dato, stad og saker.
Møtereferat
Eit møtereferat er ei skriftleg oppsummering av kva som blei sagt og bestemt i eit formelt møte.
Referent
Ein referent er ein person som skriv eit møtereferat.
Signatur
Ein signatur er ei underskrift. Dei som signerer, stadfestar at dei er einige i at det som står der, er rett.

Møteinnkalling

Ei møteinnkalling er ein formell invitasjon til eit møte. Det kan til dømes vere ei møteinnkalling til eit jobbmøte. Dei som sender deg ei slik innkalling, vil at du skal komme på møtet.

Innkallinga har viktig informasjon for alle som skal delta på møtet. Viss du skal sende ut ei innkalling, bør du gjere det i god tid, helst minst ei veke før. Då kan fleire delta og førebu seg til sakene de skal ta opp.

Når vi skal diskutere store saker, sender vi ofte med sakspapira i møteinnkallinga. Sakspapira kan vere ekstra informasjon om ei eller fleire saker som du bør lese før møtet for å vere godt førebudd.

Tenk over

Kvifor er det nyttig med ei møteinnkalling som kjem i god tid før møtet?

Oppsett og innhald

Du kan setje opp innkallinga som eit brev. Ofte er det forskjell på kor formelt språk du bruker i ei innkalling til eit jobbmøte og til eit møte i fritida. Møte i fritida har stundom ei meir uformell innkalling. Nokre innkallingar blir sende via e-post. Uansett må ei innkalling alltid innehalde desse punkta:

  1. Kva slags møte kallar du inn til?
  2. Kven er kalla inn?
  3. Kven kallar inn til møtet?
  4. Kvar og når skal møtet vere, og kor lenge skal det vare?
  5. Kva saker skal de diskutere?

I dømeteksten under ser du korleis du kan setje opp ei møteinnkalling. Du kan bruke han som mal når du skal skrive di eiga møteinnkalling.

  • Møteinnkalling til elevrådsmøte, dømetekst

  • Etter møtet er det vanleg å skrive eit møtereferat. Er du usikker på korleis du skal skrive eit møtereferat på rett måte? Det kan du få tips om i fagartikkelen "Slik skriv du eit møtereferat".

    Relatert innhald

    Skrive av Marion Federl og Elisabeth Lønning.
    Sist oppdatert 06.08.2025