Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Video

Slik lagar du ein instruks

Vi møter ofte på instruksar i arbeidslivet og i fritida. Lurer du på kva ein instruks er, eller korleis du kan lage ein sjølv? Her kan du lære å lage instruksar, mellom anna gjennom å sjå ein film.

Før du les

Sjå nærare på desse omgrepa før du les vidare:

Instruks
Ein instruks beskriv det du skal gjere frå start til slutt. Til dømes korleis du bruker ei maskin eller eit verktøy på rett måte.
Rettleiing
Ei rettleiing gir råd og tips om korleis noko kan gjerast, eller hjelp til å løyse eit problem.

Kva er ein instruks?

I filmen under (lengde 05:26) får du forklart kva som skal vere med i ein instruks.

Video: Jarle Sten Olsen / CC BY-SA 4.0

Ein instruks er ei beskriving av korleis du gjer ei arbeidsoppgåve rett. Det er ei som får fram rett rekkefølge i det du skal gjere. Du kan gi instruksar munnleg eller skriftleg. Nokre instruksar inneheld òg små videoar som forklarer noko av det du skal gjere. Andre gonger blir det forklart med .

Døme på ulike instruksar er:

  1. Bruksrettleiingar, som er rettleiingar for korleis vi bruker eit eller ei maskin. Ei bruksrettleiing kan òg vise korleis vi bygger noko.

  2. Arbeidsinstruksar, som forklarer korleis ei arbeidsoppgåve skal gjerast.

  3. Tryggingsinstruksar, som beskriv reglar, og kva du skal passe på for å gjere ei bestemd arbeidsoppgåve på ein trygg måte.

Kva skal ein instruks innehalde?

Det er ofte fire viktige delar i ein instruks:

  1. overskrift

  2. innleiing med liste over utstyr du skal bruke

  3. hovuddel: punktvis instruksjon med eventuell forklaring til dei ulike punkta (trinn for trinn-forklaring)

  4. avslutning

Dømeteksten under viser korleis ein god instruks kan vere. Du kan bruke han som utgangspunkt når du skal skrive eigne instruksar.

Relatert innhald

Skrive av Elisabeth Lønning.
Sist oppdatert 29.03.2025