Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Øv deg på å skrive møteinnkalling

Før du gjer desse oppgåvene

Du bør du ha jobba med artikkelen "Slik skriv du ei møteinnkalling" før du gjer desse oppgåvene.

I oppgåve 2 og oppgåve 3 kan du bruke dømeteksten under som hjelp.

Oppgåve 1. Diskuter med ein medelev

Svar munnleg på oppgåvene under saman med ein medelev.

  1. Kva kjenneteiknar ei møteinnkalling? Diskuter dykk fram til kva som skal vere med og i kva rekkefølge. Sjå på dømeteksten øvst i ressursen når de har diskutert. Var det noko de gløymde å ha med?

  2. Kva er ein signatur?

  3. Kva betyr det at møteinnkallingar bør ha eit formelt språk?

Oppgåve 2. Lag innkalling til eit jobbmøte

Lag ei innkalling til eit møte på jobben. Du kan dikte opp innhaldet, men det er viktig at det står fram som ei ekte og rett møteinnkalling. Du kan bruke dømeteksten øvst i ressursen som hjelp.

Oppgåve 3. Lag møteinnkalling

Lag ei møteinnkalling til eit møte i ein fritidsklubb, eit idrettslag eller ein annan organisasjon. Møteinnkallinga skal ha minimum fem saker. Du kan dikte opp innhaldet, men pass på at sakene er . Du skal stå som styreleiar. Du kan bruke dømeteksten øvst i ressursen som hjelp.

Relatert innhald

Skrive av Elisabeth Lønning.
Sist oppdatert 06.08.2025