Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Video

Slik skriv du eit møtereferat

Det er ofte viktig med eit møtereferat etter eit jobbmøte. Her kan du sjå ein film og lære meir om korleis du skriv møtereferat.

Før du les

Desse fagomgrepa bør du sjå nærare på før du les vidare:

Møteinnkalling
Ei møteinnkalling er ein formell invitasjon til eit møte. I innkallinga får du mellom anna informasjon om dato, stad og kva saker som skal takast opp.
Møtereferat
Eit møtereferat er ei skriftleg oppsummering av kva som blei sagt og bestemt i eit formelt møte.
Referent
Ein referent er den personen som har ansvar for å skrive møtereferatet.
Vedtak
Eit vedtak er noko som blir bestemt, altså vedteke, på møtet.

Møtereferat

I filmen under (lengde 7:06) får du forklart kva som skal vere med i eit møtereferat.

Video: Jarle Sten Olsen / CC BY-SA 4.0

Eit møtereferat er det skriftlege på kva som har blitt sagt og bestemt på eit møte. Viss du er referent, noterer du under møtet. Desse notata skriv du om til eit ordentleg møtereferat etterpå. Referatet må du sende ut så raskt som mogleg etter møtet.

Kva skal møtereferatet innehalde?

Eit møtereferat må innehalde nok informasjon til at ein som ikkje har vore til stades, kan bruke referatet til å setje seg inn i saker og vedtak. Når du skriv referat frå eit møte, må du vere og ikkje skrive om eigne meiningar.

Dette må alltid vere med i møtereferatet:

  1. kva slags møte referatet handlar om
  2. når og kvar møtet blei halde
  3. kven som var til stades på møtet
  4. kva saker som blei diskuterte, og kva som blei vedteke
  5. namnet på referenten

I tillegg til desse fem hovudpunkta kan det vere med ein del andre opplysningar, til dømes ei liste over kven som skal referatet, og tid og stad for neste møte.

Dømeteksten under viser korleis du set opp eit møtereferat på rett måte. Du kan sjå på han når du skal skrive eige møtereferat.

  • Dømetekst møtereferat

  • Relatert innhald

    Skrive av Marion Federl og Elisabeth Lønning.
    Sist oppdatert 06.08.2025