Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Slik skriv du cv

I denne artikkelen får du gode råd for korleis du kan skrive og setje opp ein cv.

Før du les

Desse omgrepa bør du sjå nærare på før du les vidare:

Cv
Ein cv er ei ryddig oversikt med informasjon om ein persons arbeidserfaring og utdanning.
Søknad
Ein søknad er eit dokument der du søker på noko. Det finst mange ulike typar søknader. Til dømes søknad om lån eller jobbsøknad.
Arbeidstakar
Ein arbeidstakar er ein person som jobbar for nokon.
Arbeidsgivar
Ein arbeidsgivar er den du som arbeidstakar jobbar for.
Referanse
Ein referanse er ein person som kan seie noko om deg som arbeidstakar eller person. Det kan til dømes vere ein arbeidsgivar eller ein lærar.
Attest
Ein attest er ei skriftleg stadfesting. Ein jobbattest er eit skriftleg dokument som stadfester at du har jobberfaring.

Kva er ein cv?

Ein cv er eit dokument som du sender saman med ein jobbsøknad. Vi kallar det eit . Cv-en din skal gi arbeidsgivar ei oversikt over kven du er, kva du kan, og kva du har gjort så langt i livet. Bokstavane cv er ei forkorting for curriculum vitae. Ordet blir uttalt "kurikˊkulum vitæ" og er det latinske ordet for ".

Arbeidsgivar får kanskje inn mange søknader og kan ikkje bruke mange minutta på kvar enkelt cv. Derfor bør du lage ein ryddig cv som er lett å lese og gir eit positivt inntrykk av deg.

Du kan godt bruke ein ferdig når du skal lage din eigen cv. Då får han ein . Men du kan òg setje opp ein enkel cv sjølv.

Overskrift

Det er ganske vanleg å ha "Curriculum vitae" som overskrift på cv-en sin. Overskrifta set du øvst på sida.

Personopplysningar

Først i cv-en fører du opp faktaopplysningar om deg sjølv. Desse opplysningane må alltid vere med:

  • namn
  • adresse
  • telefonnummer
  • e-postadresse

  • fødselsdato

Utdanning

Deretter fortel du kort kva du har av utdanning. Ta med:

  • namn på fag eller utdanningsprogram
  • namn på skulen og namn på staden skulen ligg på
  • året då du tok eksamen

Bruk rekkefølge. Det vil seie: Utdanninga som er nyast, skal stå øvst, og så går du bakover i tid.

Tips

Visste du at viss du framleis held på med utdanninga, så kan du bruke forkortinga "d.d."? Denne forkortinga står for "dags dato" og betyr at det er dette du held på med no, altså at det ikkje er avslutta. Då kan du setje det opp slik:

Døme:

2024–d.d.: Barne- og ungdomsarbeidar vg2, Kattnakken vidaregåande, Stavanger

2022–2023: Helse- og oppvekst vg1, Kattnakken vidaregåande, Stavanger

Arbeidserfaring

Du må fortelje kva slags arbeid du har hatt så langt. Når du er nokså i arbeidslivet, bør du føre opp alle typar jobbar du har hatt, òg ferie- og helgejobbar, og arbeidspraksis skulen. Pass derfor alltid på å få attest frå slike jobbar.

Begynn igjen med det nyaste arbeidsforholdet. Ta alltid med

  • namn på arbeidsgivar
  • kva slags stilling du har hatt
  • når og kor lenge du har hatt jobben

I nokre cv-malar kan du bli beden om å skrive kort kva slags stillinga har gitt deg. Det kan til dømes stå "skifting av bremser" eller "loggskriving". Det hjelper den som skal tilsetje deg, å sjå om du kan noko dei har bruk for.

Kurs og sertifikat

Viss du har gjennomført kurs som gjer deg betre til jobben, nemner du dei som eit eige punkt. Det kan til dømes vere , eller . Då må du skrive opp

  • året då du tok kurset eller førarkortet
  • kva slags kurs eller du har teke

Andre opplysningar

Vurder kva meir som er verd å nemne − til dømes , fritidsinteresser, lengre utanlandsopphald og språkkunnskapar. Du kan samle alle desse opplysningane under overskrifta "Andre opplysningar".

Referansar

Referansar er eit anna viktig punkt du må ha med. Ein referanseperson er nokon som kjenner deg og kan seie noko positivt om deg som arbeidstakar eller person. Det kan til dømes vere ein arbeidsgivar eller ein lærar. Men den du spør, skal ikkje vere i nær familie med deg.

Du må oppgi referansepersonens

  • namn
  • arbeidsstad
  • telefonnummer

Du må spørje referansepersonar før du fører dei opp i cv-en eller søknaden din. Det er vanleg å med nye referansar etter kvart som du blir eldre. Det er fordi referansar skal seie noko om korleis du er som arbeidstakar eller person no, og ikkje lang tid tilbake. Det er ganske vanleg å ha opptil tre referansar i cv-en sin.

Relatert innhald

Jobb med cv

Jobb med cv og lær meir om kva som er viktig å hugse på når du skal skrive din eigen cv.

Skrive av Marion Federl og Elisabeth Lønning.
Sist oppdatert 24.02.2025