Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Øv deg på å skrive søknad

Oppgåve 1. Forklar omgrepa

Svar munnleg på oppgåvene saman med ein medelev.

  1. Kva er ein referanse?

  2. Kva er ein cv?

  3. Kva er forskjellen på ein arbeidstakar og ein arbeidsgivar?

  4. Kva er eit vedlegg?

  5. Kva er ein signatur?


Oppgåve 2. Sjå eit døme på ein søknad

Jobb gjerne saman to og to.

Over ser de ein vanleg måte å skrive jobbsøknad på. Sjå godt på dømeteksten og svar munnleg på spørsmåla.

  1. Kva stilling er det Michael Andrysiak søker på?

  2. Kvar har Andrysiak hatt praksis?

  3. Kva for positive eigenskapar nemner Andrysiak i søknaden sin?

  4. Kvifor kan desse positive eigenskapane vere nyttige å ha i jobben han søker?

  5. Michael Andrysiak meistrar fleire språk. Korleis kan dette vere ein fordel i jobben han søker?

  6. Kva gjer Andrysiak for å avslutte søknaden på ein vennleg og formell måte?

  7. Trur du Michael Andrysiak kan passe i jobben han søker på? Grunngi svaret ditt.


Oppgåve 3. Søk på ein jobb

I denne oppgåva skal du finne ein stillingsannonse og øve deg på å skrive ein jobbsøknad som passar til annonsen. Deretter skal du øve på jobbintervju i eit rollespel.

Gå inn på ein nettstad som har oversikt over ledige jobbar. Du kan til dømes gå inn på oversikta over ledige stillingar på nettstaden Finn.

Del 1: Skriv søknaden

  1. Vel deg ein jobb som du vil søke på. Det kan gjerne vere ei stilling som passar til utdanninga du har vald.

  2. Les stillingsannonsen fleire gonger. Er det nokon ord du er usikker på kva betyr? Slå opp i ordboka. Skriv ned orda du var usikker på. Spør ein lærar viss du ikkje finn ut kva dei betyr.

  3. Skriv ein jobbsøknad som passar til stillingsannonsen du har vald.

Del 2: Øv på jobbintervju

I denne delen av oppgåva skal de jobbe saman to og to. De skal lage rollespel med tema jobbintervju. Ein av dykk skal spele rolla som den som er på jobbintervju, den andre skal spele rolla som arbeidsgivar.

De skal bruke stillingsannonsen og søknaden i del 1 som utgangspunkt når de lagar rollespelet, men pass på at de øver godt nok til at det blir ein naturleg samtale. I tillegg til stillingsannonsen og søknaden i del 1 kan de bruke nokre av spørsmåla under i jobbintervjuet.

Forslag til spørsmål i jobbintervjuet

  • Kva var grunnen til at du søkte stillinga her hos oss?

  • Fortel litt meir om deg sjølv.

  • Kan du beskrive nokre av dei positive sidene dine?

  • Kan du beskrive nokre av dei negative sidene dine?

  • Korleis vil dei som kjenner deg godt, beskrive deg som person?

  • Kvifor bør vi tilsette akkurat deg?

  • Kva tenker du om tett samarbeid, og kva synest du om arbeid?

Relatert innhald



Skrive av Elisabeth Lønning.
Sist oppdatert 12.02.2025