Oppgåve
Øv deg på å skrive logg
Her får du øve deg på å skrive logg, og du får snakka med andre om kva ein logg skal innehalde.

I praksis skriv eg logg frå kvar arbeidsdag.
Før du gjer oppgåvene
Før du jobbar med oppgåvene under, bør du ha jobba med fagressursen "Slik skriv du ein logg".
Del 1: Snakk saman om å skrive logg
Kva er ein logg? Forklar. Ha med eksempel på kva delar det er vanleg å ha med i ein logg.
Kva informasjon skal stå først i ein logg?
Korleis skal språket i ein logg vere?
Kva skal vere med i ei eigenvurdering dei gongene loggen skal ha med det? Vis til eksempel.
Samanfatt felles i klassen.
Del 2: Skriv ein eigen logg
Vel ei av oppgåvene under og skriv ein logg. Du kan bruke modellteksten under som støtte:
Logg frå praksis som helsefagarbeidar ved Brattbakken sjukeheim, modelltekst
Skriv ein logg frå praksis.
Skriv ein treningslogg, der du beskriv den treninga du gjennomfører i løpet av ei veke.
Skriv ein kosthaldslogg, der du beskriv måltid og kosthald gjennom ei veke.
Relatert innhald
Slik skriv du logg
Lær korleis du kan skrive logg.