Øv deg på å skrive til kollegaer

Oppgåve 1. Samanlikn og skriv e-postar
Under er det døme på to e-postar. Den eine er send til assistenten Petter som jobbar i 1. klasse, mens den andre er send til kontaktlæraren i 1. klasse, Maja. Assistenten har ikkje utdanning, mens kontaktlæraren er utdanna lærar.
Del 1: Samanlikn to e-postar
Gå saman to og to eller i små grupper. Svar på oppgåva munnleg.
Les dei to e-postane under høgt for kvarandre.
Korleis tilpassar avdelingsleiar Katrine Madsen språket sitt til mottakarane i dei to e-postane? Samanlikn språk og innhald.
Frå: Katrine Madsen
Til: Petter Pedersen
Emne: Turdag
Hei!
Fredag 19. januar er det turdag for 1. klasse. Det er fint om du kan starte klokka 07.30 for å hjelpe til når elevane kjem på skulen. Vi har lyst å ha mest mogleg tid ute på tur, og då er det fint med litt ekstra hjelp frå deg med påkledning og med å halde orden i garderoben. Vi kjem tilbake frå tur kl. 13. Fint om du kan ta ansvar for å ha med vedkubbar til eit bål.
Med vennleg helsing
Katrine Madsen
avdelingsleiar 1–4. trinn
Frå: Katrine Madsen
Til: Maja Rønning
Emne: Møte med føresette
Hei
Føresette til A.G. har bede om eit møte med leiinga og deg for å snakke om trygt skulemiljø for eleven. Dei viser til at det er utagerande åtferd på trinnet, og at A.G. i fleire situasjonar har blitt plaga i friminutta.
Det er fint om du denne veka observerer A.G. i samspel med dei andre elevane på trinnet i endå større grad enn du har gjort til no, både i frileik og i klasseromssituasjonen. Dokumenter korleis du som kontaktlærar har inntrykk av at A.G. har det på skulen, både med tanke på trivsel og på fagleg utvikling.
Vi i leiinga kjem òg til å seie at vi i ein periode framover aukar vaksentettleiken på 1. trinn. Det er fleire føresette som har teke kontakt med same bekymring, så vi kjem òg til å ha skulemiljøet på 1. trinn som tema på fellesmøtet for lærarane førstkommande onsdag.
Møtet med føresette til A.G. foreslår eg at vi tek allereie to. 18. jan. kl. 15.00. Gi meg tilbakemelding på om dato og tidspunkt passar for din del, så sender eg ut ei møteinnkalling seinare i dag. Kom innom kontoret mitt viss du vil ha ein prat om denne e-posten.
Med vennleg helsing
Katrine Madsen
avdelingsleiar 1–4. trinn
Del 2: Jobb individuelt
Skriv to e-postar til kollegaer på yrkesområdet ditt der du vel eit aktuelt emne for den jobben de gjer.
Den eine e-posten skal ha ein mottakar som er ufaglært assistent, mens den andre e-posten skal ha ein mottakar med fagutdanning.
Tilpass språk og innhald til dei ulike mottakarane slik det er gjort i døma over.
Del 3: Jobb saman
Gå saman to og to eller i små grupper. Bruk gjerne dei same gruppene som i del 1.
Vis kvarandre e-postane de har skrive i del 2. Gi døme på korleis de tilpassa språket til dei to ulike mottakarane.
Korleis var det å tilpasse språket til ulike mottakarar?
Kvifor er det viktig å tilpasse språket ut frå kva kollega du skriv til?
Del 4: Samanfatt
Samanfatt felles i klassen. Snakk saman om fagspråk og korleis vi tilpassar språket til mottakar, med døme frå e-postane i del 1 og del 2.
Oppgåve 2. Skriv korte beskjedar på gule lappar
Del 1: Jobb individuelt
Tenk at du har ein travel dag på jobb og skal gi tre beskjedar til ulike kollegaer på gule lappar.
Skriv dei tre beskjedane på tre ulike lappar.
Bruk fagspråk der det er naturleg.
Skriv presist og kort, men òg vennleg.
Ha med kven som er mottakar, og kven som har skrive lappen.
Del 2: Jobb saman i små grupper
Heng lappane gruppevis på veggene i klasserommet. Gå rundt og sjå på lappane som elevane på gruppa di har skrive. Snakk saman om språk og innhald ut frå spørsmåla under:
Er skrifta grei å lese?
Korleis har de fått til å tilpasse beskjedane til mottakarane?
Er beskjedane presise og enkle å forstå? Forklar for kvarandre viss noko av innhaldet er vanskeleg.
Kjem det tydeleg fram kven beskjedane er til, og kven dei er frå?
Er det ein høfleg og vennleg tone på lappane?
Når passar det å skrive korte beskjedar på lappar som dette?
Relatert innhald
Korleis skrive tekstar og beskjedar som kollegaer på jobb skal lese.
Kva er fagspråk, og korleis bør det brukast?