Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Korleis kommunisere på jobb?

I denne oppgåva skal du lese ein tekst om kommunikasjon. I tillegg skal du snakke og skrive om kommunikasjon knytt til yrkesutdanninga di.

Tekst om kommunikasjon

I oppgåvene under skal de jobbe med teksten "Den pårørende var sint og misfornøyd med alt" i fagbladet Sykepleien på litt ulike måtar. Teksten er spelt inn på nettsida, så ved å trykke på kan du få han lesen opp.

I teksten kan det vere fleire ord som er nye for dykk. Les derfor gjennom ordlista med forklaringar før de les sjølve teksten:

Ordforklaringar til teksten

einingsleiar
sjef for ei avdeling eller ein arbeidsplass.
gastrokirurgisk / urologisk sengepost
ein stad på sjukehuset for pasientar som får behandling for mage- og urinvegsproblem
pårørande
familie eller nære personar til ein pasient
omfattande
noko som er stort eller viktig
kirurgi
ein operasjon
komplikasjon
Her: eit problem som oppstår under eller etter behandling.
i etterkant
etter at noko har skjedd, etterpå
kirurg
ein lege som er spesialist på operasjonar (kirurgi)
handtere
å klare ein situasjon eller løyse eit problem
krevjande
vanskeleg
verbalt
Her: dei som den pårørande snakka med
involverte
personar som er med i noko
behandlar
ein som gir medisinsk hjelp, til dømes ein lege eller sjukepleiar
arbeidsforhold
korleis det er på jobben, til dømes arbeidsmiljø og arbeidsoppgåver
kritisk
Her: veldig negativ og misnøgd
helsepersonell
folk som jobbar innan helse
krise
ein veldig vanskeleg situasjon
irrasjonell
når ein ikkje tenker logisk eller fornuftig
vareta
å passe på eller ta vare på noko
støtte
hjelp og oppmuntring til noko
saksøke
når ein klagar til dømes til staten fordi ein er veldig misnøgd med noko
sengeposten
ei avdeling på sjukehuset der det er pasientar
kritikkverdig
når noko er gale eller dårleg og bør bli kritisert
innlagt
når ein pasient må vere på sjukehuset for behandling
påført
fått frå nokon andre
maktløyse
når ein kjenner seg utan kontroll eller utan moglegheit til å gjere noko
sorg
trist, ofte fordi ein har mista noko
bitterheit
kjensla av å vere sint og lei seg over noko du meiner er urettferdig
grue seg
vere nervøs for noko som skal skje
frykt
å vere redd
tillit
å stole på nokon
å setje ord på
å forklare eller fortelje noko
trygge
vere i gode hender
involvert
å vere ein del av noko
erfaren
når ein person har gjort noko mange gonger og kan det godt
minne kvarandre på
å hjelpe kvarandre med å hugse på noko
ha noko i bagasjen
Her: idiom. Når nokon har opplevd noko som påverkar hen
pensjonert
ein person som har slutta i jobben på grunn av alder
i etterkant
etter at noko har skjedd, etterpå
hendinga
noko som har skjedd
formidle
å gi informasjon eller sei noko på ein tydeleg måte

Oppgåve 1. Les og snakk om kommunikasjon

Del 1: Førlesingsoppgåve

Jobb saman to og to.

  1. Sjå på biletet over. Beskriv .

  2. Korleis trur de kommunikasjonen mellom den tilsette og den eldre personen på biletet er? Grunngi svaret.

  3. Korleis kan de bli gode til å kommunisere når de skal ut i jobb?

Del 2: Les teksten for deg sjølv

Sjå godt på ordforklaringane til teksten "Den pårørende var sint og misfornøyd med alt". at du forstår alle orda. Les så heile teksten for deg sjølv.

Del 3: Les teksten høgt

Jobb saman to og to.

Vel eit utdrag frå teksten som de les høgt for kvarandre.

Byt på kven som les undervegs i teksten. Hjelp kvarandre med korleis de skal uttale orda. Spør læraren viss de er usikre.

Del 4: Snakk saman om innhald

Jobb saman to og to eller i ei lita gruppe. Svar på oppgåvene under. Ha ei felles oppsummering i klassen til slutt.

  1. Kven er av teksten?

  2. Kven er ?

  3. Kva er til forfattaren?

  4. Forklar korleis sendar prøver å påverke kjenslene våre i debattinnlegget gjennom å bruke patos som verkemiddel.

  5. Forklar korleis er brukt som verkemiddel i teksten.

  6. Kva fortel teksten om kommunikasjon?

Oppgåve 2. Rollespel om kommunikasjon

Del 1: Lag eit rollespel om kommunikasjon

Jobb saman i grupper på to til fire personar.

  1. Start med å skrive ned alt de knyter til god kommunikasjon på arbeidsplassen. Har de eigne erfaringar de kan fortelje om?

  2. Les så teksten "Den pårørende var sint og misfornøyd med alt". Kva meiner de er det det viktigaste teksten fortel om god kommunikasjon?

  3. Lag eit om kommunikasjon innanfor yrkesfaget ditt. De skal vise ein situasjon med kundar, brukarar, pasientar eller liknande der personen er misnøgd med jobben de gjer.

  4. I avslutninga på rollespelet skal konflikten blir løyst ved at både den tilsette og kunden kommuniserer på ein god måte.

Del 2: Vis rollespelet

Vis rollespelet framfor klassen eller ei lita gruppe i klassen.

Del 3: Samanfatt

Samanfatt felles i klassen kva dei ulike rollespela fortalde om kommunikasjon.

Oppgåve 3. Skriv ein e-post

Del 1: Bli einige om ein vanskeleg situasjon

Jobb munnleg felles i klassen. Tenk dykk at de har fått ein e-post frå ein sint kunde, brukar eller pårørande som er misnøgd med jobben de har gjort. Bli einige i klassen om kva det er som gjer at kunden er misnøgd.

Del 2: Skriv ein e-post

Jobb individuelt. Skriv ein e-post som svar til kunden der du er vennleg, høfleg og forklarer kvifor situasjonen blei som han blei.

  • Skriv kva saka gjeld i emnefeltet i e-posten.

  • Ha ei innleiing som presenterer saka.

  • Kom med eit forslag til løysing som du trur kunden vil bli glad for.

  • Pass på at du signerer med "Med vennleg helsing" og fornamn og etternamn.

Til:

Frå:

Emne:

Med vennleg helsing

xxx xxx

Del 3: Les høgt for kvarandre

Jobb saman to og to. Les e-postane de har skrive i del 2 høgt for kvarandre. Diskuter forslaga ut frå punkta under.

  • Er forslag til løysing god?

  • Er e-posten høfleg?

  • Er e-posten sett opp på rett måte?

Oppgåve 4. Skriv om kommunikasjon

Skriv ein tekst på cirka 400 ord der du reflekterer over kvifor god kommunikasjon er viktig på arbeidsplassen. Bruk gjerne døme frå eiga erfaring og/eller ha med døme frå teksten "Den pårørende var sint og misfornøyd med alt".

Setningsstartarar

Desse setningsstartarane kan hjelpe deg med å starte setningane dine:

  • Eg meiner det er fleire grunnar til at god kommunikasjon er viktig på arbeidsplassen. For det første ...

  • For det andre ...

  • God kommunikasjon på arbeidsplassen er viktig fordi ...

  • Dårleg kommunikasjon på arbeidsplassen kan gjere at ...

  • Eg synest at ...

  • Teksten "Den pårørende var sint og misfornøyd med alt" av Helene Tønset viser at kommunikasjon...

  • For å få til god kommunikasjon på arbeidsplassen er det viktig å ...

  • Gjennom jobb har eg erfart at god kommunikasjon ...

  • Eg lurer på om vi kan bli flinkare til å ...

  • Eg sit igjen med ein tanke om at ...

  • Til slutt er det verd å spørje seg om ...

Skrive av Elisabeth Lønning.
Sist oppdatert 13.03.2025