Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve

Øv deg på å skrive e-post på jobben

Korleis kan du skrive ein profesjonell e-post på jobb? No skal du få øve deg på språk og innhald i slike e-postar.

Før du gjer oppgåvene

Før du jobbar med oppgåvene under, bør du ha lese fagartikkelen "Skriv ein profesjonell e-post".

Del 1: Les ein modelltekst

Jobb saman to og to.

Sjå på modellteksten nedst i oppgåva. Han viser korleis ein e-post som er send til ein kunde, kan sjå ut. Les han høgt for kvarandre før de svarer på spørsmåla under:

  1. Kva skal stå i til-feltet i e-posten?

  2. Kva skal stå i frå-feltet i e-posten?

  3. Kva skal eventuelt stå i kopifeltet?

  4. Kva skal stå i emnefeltet?

  5. Gi døme på høfleg og formelt språk i e-posten.

  6. Gi døme på ulike måtar de kan avslutte ein e-post på, med ei hyggeleg helsing.

  7. For å skrive inn ei e-postadresse må de ha med spesialteiknet @. Det rette namnet på dette teiknet på norsk er krøllalfa, men mange seier òg "alfakrøll".

    • Forklar og vis kvarandre korleis de får fram teiknet krøllalfa på ei datamaskin.

  8. Det er ganske vanleg å bruke emojiar, som til dømes smilefjes, når vi skriv private tekstar. Men kvifor bør vi vere varsame med emojiar i profesjonelle e-postar? Diskuter.

  9. Samanfatt i fellesskap i klassen: Kva er viktig å hugse på når de skal skrive e-postar på jobb?

  • Modelltekst e-post

  • Del 2: Skriv profesjonelle e-postar til kvarandre

    Til læraren

    Det viktigaste her er at elevane skjøner korleis dei skal setje opp ein profesjonell e-post i jobbsamanheng. Dei må ikkje nødvendigvis bruke eit e-postprogram for å øve seg på dette. Dei kan skrive i eit tekstverktøy dei har tilgang til, og sende dei fiktive e-postane til kvarandre via meldingsfunksjon i læringsplattforma de bruker.

    Jobb saman to og to. Skriv profesjonelle e-postar til kvarandre.

    • Den eine er kunde/brukar, den andre ein tilsett som jobbar i eit firma.

    • E-posten skal handle om eit fagområde de har på skulen.

    Pass på at språket er tilpassa målgruppa, og at de har eit formelt språk.

    De kan bruke malen under til å skrive e-postane inn i.

    Relatert innhald

    Skrive av Elisabeth Lønning.
    Sist oppdatert 06.08.2025