Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Øv deg på å skrive formelle brev

No skal du få lese eit formelt brev, snakke om kva som er typisk for formelle brev, og skrive ditt eige brev.

Før du gjer oppgåvene

Før du jobbar med oppgåvene under, bør du ha lese fagartikkelen "Skriv eit formelt brev".

Del 1: Les ein modelltekst

Modellteksten under er sett opp som eit formelt brev.

Jobb saman munnleg to og to. Les det formelle brevet høgt for kvarandre. Legg merke til korleis brevet er sett opp, og svar på spørsmåla under:

  1. Forklar kva ein avsendar er.

    • Kvar skal postadressa til avsendaren stå?

  2. Forklar kva ein mottakar er.

    • Kvar skal postadressa til mottakaren stå?

  3. Kvar skal datoen stå i eit formelt brev?

  4. Kva må de hugse på om overskrifta?

  5. Når skal de skrive "du", og når skal de skrive "de", i eit formelt brev?

  6. Forklar kva ein bør ha med i innleiinga, i hovuddelen og i avslutninga.

  7. Kva er ei høfleg avslutning på eit formelt brev?

  8. Kva er eit vedlegg?

    • Kvar i brevet skal det stå om eventuelle vedlegg?

  9. Kva er ein signatur?

    • Kvar skal signaturen stå i eit formelt brev?

  10. Eit formelt brev skal ha eit og språk. Gi døme på sakleg og formelt språk frå modellteksten.

  • Modelltekst, formelt brev

  • Del 2: Skriv eit formelt brev

    Jobb individuelt. Du skal skrive eit formelt brev. Hugs å setje brevet opp som eit formelt brev. Du kan bruke under. Vel mellom oppgåvene nedanfor:

    1. Skriv ei klage på eit par sko der du ønsker pengane tilbake fordi skoa har dårlegare kvalitet enn .

    2. Skriv eit formelt brev der du seier opp leilegheita di fordi du har fått jobb ein annan stad i landet.

    3. Skriv eit brev til rektor der du ber om fleire aktivitetar og spel for elevane i friminutta.

    4. Skriv eit formelt brev der du som kunde er misfornøgd med den jobben ei bedrift har gjort for deg.

    Del 3: Skriv eit formelt svarbrev

    Jobb individuelt.

    Til læraren

    Her kan elevane gjerne byte brev med kvarandre slik at dei skriv svarbrev på nokon andre sine formelle brev frå del 2. Alternativt kan du gjere svara i del 2 tilgjengeleg for alle elevane slik at dei får fleire formelle brev å velje mellom. Det kan vere lurt at du som lærer har hjelpt elevane med det språklege, før tekstane blir delte.

    Skriv eit svarbrev der du svarer på eit av dei formelle breva i del 2.

    Relatert innhald

    Skrive av Elisabeth Lønning.
    Sist oppdatert 06.08.2025