Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Video
Lyd
Interaktivt innhald

Lang eller kort vokal?

Øv deg på å høyre, uttale og stave ord med lang og kort vokal.

Del 1: Kva er lang og kort vokal?

Sjå filmen (lengde 1:13).

Video: Tom Knudsen / CC BY-SA 4.0

På norsk er lengda på vokalar viktig for å skilje mellom ord. Til dømes betyr "fin" (lang vokal) noko anna enn "finn" (kort vokal). Det same gjeld "tak" og "takk". Derfor må vi øve på å høyre og seie forskjellen mellom korte og lange vokalar.

Lang og kort vokal i skrift

Sjå filmen (lengde 1:25) om korleis norsk viser lang og kort vokal i skrift før du les vidare og gjer oppgåvene.

Du skal skrive lang vokal med éin konsonant etter vokalen, til dømes i "tak". Kort vokal skal du skrive med to like konsonantar etter vokalen, til dømes i "takk". Dette hjelper oss å forstå forskjellen mellom ord med lang og kort vokal i skrift.

Mange som lærer norsk, synest dette er vanskeleg. Særleg viss dei sjølv ikkje har forskjell på lang og kort vokal i førstespråket sitt.

Derfor er det viktig å øve på å både lytte, uttale og stave ord med lang og kort vokal.

Øv sjølv

Sit i par. Sei orda under. De kan anten seie dei saman, i kor, eller éin og éin. Gi kvarandre tilbakemeldingar på om de klarer å skilje mellom lang og kort vokal:

  • tak – takk

  • fin –

  • lege – legge

  • mat –

  • nyt – nytt

  • fat –

Her kan du lytte til orda:

Lang og kort vokal

0:00
-0:00
Lyd: Åsa Abusland / CC BY-SA 4.0

Del 2: Lytt og skriv

Trykk på , lytt til lyden og skriv ned ordet stemma ber deg om å skrive.

A.

B.

C.

D.

E.

F.

G.

H.

I.

J.

Del 3: Øv i par

Sit i par. No skal de øve på å seie ord med kort og lang vokal. Begge seier setningane under. De kan anten seie dei samtidig, i kor, eller éin og éin.

Det som er viktig, er å gi kvarandre tilbakemeldingar på om de klarer å uttale lang og kort vokal rett.

Hugs at to konsonantar etter vokalen betyr kort vokal (finn), mens éin konsonant betyr lang vokal (fin).

  1. "Treng du nytt tak på huset ditt før du flyttar dit?"

  2. "Nei takk, eg har nytt tak", nyt ferien!

  3. "Finn ei fin bok som du kan legge på bordet", sa ein lege.

  4. "Det står mat fat", sa ho matt. " på etinga!"

  5. "Han hatten sin", tenkte han i !

Her kan du høyre korleis du skal seie setningane:

Øv i par på setningar med lang og kort vokal

0:00
-0:00
Lyd: Åsa Abusland / CC BY-SA 4.0

Del 4: Samanlikn med førstespråket ditt

  1. Diskuter i par eller grupper: Har de lang og kort vokal i førstespråket dykkar? Forklar til kvarandre med døme.

  2. Viss de har lang og kort vokal – korleis viser de det i skrift? Forklar med døme.

Del 5: Historia om Finn på taket

Til læraren

Mange elevar kan bli frustrerte viss dei synest medelevane uttaler lang og kort vokal uklart fordi dei vil "vinne". Derfor vil dei kanskje heller at læraren skal seie teksten, men det er jo elevane som skal øve, ikkje læraren. Be derfor elevane vere tolmodige og hjelpe kvarandre med å lage lydane. Sei at det er lov å stoppe og spørje den som snakkar om å repetere lydane.

Du kan òg gi historia om Finn på taket som heimelekse. Be eleven lese teksten høgt heime og spele inn lyden. Eleven kan sende lydfila til deg og få tilbakemelding på uttalen.

A. Snakk – lytt – skriv

I denne oppgåva skal de gå saman i par eller grupper. Éin skal lese historia om Finn på taket høgt. Den andre / Dei andre skal skrive inn orda som manglar i historia. Den som les høgt, skal lese historia seint og tydeleg, men må ikkje hjelpe til med .

Historia om Finn på taket – til den som skal lese

Finn gjekk opp på eit tak. Han sa takk til naboen som hjelpte han. På vegen ned mista han hattane sine og kjende sinne. Han måtte finne mange fine fat for å samle vatn. Etterpå ville han , men måtte legge mat på bordet først. Han blei heilt matt av så mykje mat, men han sa: "Nyt det vi har som er nytt!" Utanfor høyrde han nokon banne på ein fotballbane.

B. Lytt til historia om Finn

Lytt til historia om Finn under. Legg merke til korleis du skal seie orda med lang og kort vokal. Du kan ha teksten framfor deg, viss du vil det. Teksten finn du i boksen i oppgåve 4A.

Historia om Finn med lange og korte vokalar

0:00
-0:00
Lyd: Åsa Abusland / CC BY-SA 4.0

C. Les teksten høgt

Sit i dei same gruppene som de gjorde i oppgåve 4A. Byt på å lese teksten om Finn høgt for kvarandre. Gi kvarandre tilbakemelding på om de klarer å seie orda med lang og kort vokal rett.

Del 6: Historia om Ane og Anne ved vatnet

A. Snakk – lytt – skriv

Hald fram med å sitje i gruppene. No byter de roller, slik at ein annan les enn den som las historia om Finn først. Den som skal lese, les historia om Ane og Anne ved vatnet (under). Dei som skal konkurrere om å skrive inn rett ord, fyller inn ord i oppgåva under.

Historia om Ane og Anne ved vatnet

Ane og venninna hennar, Anne, sat ved vatnet og såg sola skine. Dei ville skrive, ikkje kvile, men mangla ein penn. "Du er så fin i dag, Anne!" sa Ane. "Men det hjelper ikkje når du ikkje kan finne penn."

"Eigentleg vil eg ikkje skrive noko nytt", sa Ane. "Eg vil berre nyte og kvile, kanskje drikke litt mjølk frå ein kokosplante?"

"Eg trudde du ville skrive", sa Anne. "For noko surr." Anne var sur.

Her kan de lytte til historia om Ane og Anne ved vatnet:

Kort og lang vokal: "Ane og Anne ved vatnet"

0:00
-0:00
Lyd: Åsa Abusland / CC BY-SA 4.0

Del 7: Nye ord

Når du jobba med denne oppgåva, møtte du nokre nye ord.

  1. Lag ei ordbok der du set om dei nye orda du har lært til førstespråket ditt.

  2. Øv deg på å uttale orda på norsk.

  3. Lag nokre setningar som inneheld dei nye orda.

Del 8: Konkurranse

Sit i par eller grupper. Målet er å finne flest mogleg norske ord som berre er skilde av lang eller kort vokal, til dømes mat og matt.

Gå fram slik:

Ein frå ei av gruppene går opp og skriv to ord på tavla. Det skal berre vere lang og kort vokal som skil orda, til dømes mat matt.

Så går ein frå neste lag opp og gjer det same. Hald på til eit av laga ikkje kjem på fleire ord. Det laget som skreiv ord sist på tavla, har vunne.

Skrive av Åsa Abusland.
Sist oppdatert 14.04.2025