Kva er eit godt arbeidsmiljø?

Tekst om arbeidsmiljø
I oppgåvene under skal de på litt ulike måtar jobbe med Arbeidstilsynets artikkel "Slik kan du bidra til et godt arbeidsmiljø". Arbeidstilsynet har som oppgåve å passe på at alle har det trygt og godt på arbeidsplassen sin.
I artikkelen kan det vere fleire ord som er nye for dykk. Les derfor gjennom ordlista med forklaringar før de les sjølve artikkelen:
Oppgåve 1. Les fagartikkelen
Jobb to og to saman.
Før de les, snakk saman om dette: Kva tenker de er eit "godt arbeidsmiljø"? Har de jobba på stader der det er hyggeleg å vere?
Les ordforklaringane til artikkelen "Slik kan du bidra til et godt arbeidsmiljø" høgt for kvarandre. Hjelp kvarandre med uttale og forståing.
Les artikkelen "Slik kan du bidra til et godt arbeidsmiljø" høgt for kvarandre. Byt på kven som les. Hjelp kvarandre med uttale, og spør læraren viss de er usikre på uttale av enkeltord.
Gjenfortel hovudinnhaldet med eigne ord.
Kva for eit av tipsa om godt arbeidsmiljø tenker du er viktigast? Fortel kvifor til den du jobbar saman med.
Oppgåve 2. Samtale i ring
Sett dykk saman i ring. Snakk saman om artikkelen "Slik kan du bidra til et godt arbeidsmiljø".
Hjelp kvarandre inn i samtalen med å bruke namna til dei andre i klassen. Døme: Kva for eit av tipsa om godt arbeidsmiljø likte du best, Matheo?
De kan bruke desse spørsmåla:
Kva handlar fagartikkelen om?
Kva er eit verneombod?
Kvifor er det viktig med godt arbeidsmiljø på ein arbeidsplass?
Kva betyr det at det er takhøgde for å ta opp problem på arbeidsplassen?
Kva for eit av tipsa om godt arbeidsmiljø tenker du er viktigast?
Kva tenker du at du kan bidra med for å skape godt arbeidsmiljø på arbeidsplassen?
Korleis kan de få til ein god dialog viss det er noko som er vanskeleg på arbeidsplassen?
Kvifor er det viktig å vere inkluderande på ein arbeidsplass?
Kva betyr det å ta initiativ på jobben, og kvifor er det viktig?
Kva kan du gjere for å passe på at du og kollegaene ikkje blir overbelasta på jobb?
Oppgåve 3. Lag reklameplakat
Jobb saman to og to eller i ei lita gruppe.
Del 1: Oppdraget og idéarbeid
Tenk deg at ein arbeidsplass innanfor yrkesfaget ditt treng fleire tilsette. De skal lage ein plakat der det kjem fram kor godt arbeidsmiljø dei har, slik at mange skal få lyst til å jobbe der.
Snakk saman først: Kva trur de er viktig for å få nokon til å søke på jobben?
Bruk så tipsa i artikkelen "Slik kan du bidra til et godt arbeidsmiljø". Skriv ned dei stikkorda om arbeidsmiljø som de meiner er dei viktigaste.
Del 2: Lag plakaten
De kan jobbe med å lage plakat på datamaskina eller skrive på eit ark.
Vel det viktigaste stikkordet for godt arbeidsmiljø i yrket ditt, og lag ei setning som viser at arbeidsplassen er oppteken av dette.
Bruk gjerne typiske verkemiddel som kontrast, gjentaking eller positive og negative ord. Ha med ein passande illustrasjon, noko som viser korleis godt arbeidsmiljø kan sjå ut i det yrket de lagar plakat til.
Døme på tekst som kan stå på ein reklameplakat:
"Elektrikaren - arbeidsplassen som spreier god energi"
"Helsehuset - der alle stemmer blir høyrde"
Del 3: Presenter plakaten
Presenter plakaten de har laga, for andre elevar. Fortel kva de ønsker å få fram med plakaten (bodskapen). Forklar både teksten og illustrasjonen de har valt.
Oppgåve 4. Rollespel om arbeidsmiljø
Gå saman i grupper på tre og tre.
Start med å skrive ned alt de knyter til godt arbeidsmiljø. Har de eigne erfaringar de kan bruke?
Les artikkelen "Slik kan du bidra til et godt arbeidsmiljø". Kva meiner de er det viktigaste i yrket de utdannar dykk til?
Lag så eit rollespel der temaet er arbeidsmiljø. Det kan til dømes vere ein konflikt på jobb som blir løyst, eller ein situasjon som viser godt og inkluderande arbeidsmiljø.
Spel rollespelet framfor klassen eller ei lita gruppe i klassen.
Relatert innhald
Skriv tekstar om arbeidsmiljø etter å ha lese ein fagartikkel om godt arbeidsmiljø.