Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve

Beskriv ei arbeidsoppgåve i programfaget ditt

Ta utgangspunkt i ei praktisk arbeidsoppgåve frå eit programfag og skriv ein instruks. Kva er målet med oppgåva? Kva slags utstyr treng du? Kva fagomgrep må du bruke for å beskrive oppgåva på ein presis måte?

Før du gjer denne oppgåva, bør du ha jobba med fagartikkelen "Slik lagar du ein instruks".

Lag ein skriftleg instruks

Vel ei praktisk arbeidsoppgåve som er viktig i programfaget ditt. Spør gjerne ein programfaglærar om hjelp.

  • Lag ein skriftleg instruks der du beskriv korleis ein skal utføre oppgåva.

  • Målgruppa for instruksen er tilsette og på ein arbeidsplass der oppgåva er , altså fagpersonar og kollegaer.

Under ser du eit døme på ein enkel instruks for å lage pannekaker.

Dette må du tenke på når du lagar instruksen:

  • Begynn med å beskrive målet med oppgåva.

  • Lag ei liste over utstyret du treng for å utføre oppgåva.

  • Beskriv oppgåva på ein måte.

  • Forklar kva som er vanskeleg eller viktig, og korleis du kan unngå feil.

  • Bruk fagord og fagkunnskap som målgruppa forstår.

  • Bruk bilete som gjer forklaringa tydelegare.


Relatert innhald

Skrive av Caroline Nesbø Baker og Elisabeth Lønning.
Sist oppdatert 09.04.2025