Kart – eit nyttig verktøy
Eit kart er ei forenkla attgiving av eit område ved hjelp av representasjonar. Representasjonar er ulike symbol, teikn eller fargar. Ein veg kan representerast med ein raud strek, eit vatn med eit blått område og ein fjelltopp med eit kryss.
Mykje informasjon er på eit eller anna vis knytt til ein stad. Ofte blir det enklare å forstå informasjonen om han blir presentert på eit kart. Det kan til dømes vere lettare å forstå kvar vi finn dei ulike klimasonene, dersom vi får dei presenterte på eit kart, og det er ofte enklare å finne vegen ved hjelp av eit kart enn gjennom ei skriftleg beskriving av vegen.
Kjenneteikn ved kart
Formålet med eit kart og kva det skal brukast til, avgjer kva som er med i kartet. Dei viktigaste kjenneteikna på eit kart er desse (Mikkelsen, 2022):
- Forenkling
- Eit kart er alltid ei forenkling av verkelegheita ved hjelp av ulike typar symbol og fargar. Ein veg kan vere ein strek, skog er markert med grønfarge, og ein fjelltopp kan vere eit kryss.
- Forminskning
- Kartet er alltid forminska i forhold til verkelegheita. I digitale kart kan du justere forminskinga, mens papirkart har ei bestemd forminsking.
- Fugleperspektiv
- Eit kart er området sett rett ovanfrå.
- Mot nord
- Alle kart er i utgangspunktet orienterte mot nord. Det betyr at oppover på kartet er nord, nedover er sør, høgre er aust, og venstre er vest. I digitale kart kan du ofte snu på kartet og til dømes orientere kartet i den retninga du beveger deg i.
I geografifaget deler vi kart inn i topografiske og tematiske kart. Topografiske kart er laga for at vi skal finne fram eller få oversikt over terrenget. Tematiske kart er laga for å vise eller forklare eit bestemt tema.
Topografiske kart
Topografiske kart gir ei oversikt over det du kan sjå i landskapet. Du får vite kor bratt terrenget er, og kvar du finn naturlege element som skog, myr og fjell. Dette blir vist ved hjelp av ulike symbol og fargar. I tillegg er det med menneskeskapte element som veg, stiar, hus og bruer.
Topografiske kart blir først og fremst brukte til å få oversikt og finne fram. I tillegg blir topografiske kart brukte som bakgrunn for tematiske kart. På den måten blir det enklare for oss å forstå det tematiske kartet. Her ser du døme på ulike topografiske kart:
Korleis lese eit topografisk kart?
Du må forstå informasjonen eit kart viser, for å kunne bruke han til noko. Derfor har kart ulike symbol eller teikn. Eit godt kart er lett å forstå. Samtidig krev det litt trening for å kunne lese eit kart raskt.
Film om bruk av topografisk kart på tur
I filmen får du sjå døme på bruk av ekvidistanse, målestokk og teiknforklaring.
Tematiske kart
Viss du markerer kvar alle i klassen bur på eit kart, har du laga eit tematisk kart. Tematiske kart viser eit eller nokre få bestemde tema. Det kan lagast tematiske kart om nesten alt mogleg. All informasjon som kan knytast til ein bestemd stad, kan vi lage eit tematisk kart over. Det kan vere kvar det kan komme flaum, kor mange som bur i eit land, kor lang reisevegen til skulen er, eller kva fotballag vi heiar på.
I tematiske kart er det gjerne eit topografisk kart som ligg som bakgrunn. Oppå dette finn vi ulike symbol, fargar eller markeringar om temaet til kartet. Nokre kart er enkle å forstå, mens andre kart kan vere meir utfordrande. Teiknforklaringa gir ofte viktig informasjon som gjer det enklare å forstå kartet.
Tematiske kart er ein effektiv måte å vise fram informasjon på, både om samfunnsforhold og naturforhold. Klimakart gir informasjon om klima, kommunane viser fram arealplanen ved hjelp av kart, kart over naturfarar er nyttige når vi skal planlegge bruk av areal, bratthetskart er nyttig for dei som vil på topptur på ski, og vêrkart gir informasjon om vêret på ein oversiktleg måte. Her ser du nokre døme på tematiske kart:
Kartogram
Dette er eit litt uvanleg tematisk kart som blir kalla kartogram. Her har ikkje verdskartet den opphavlege forma si. Storleiken på landa blir avgjord av kor mange menneske som bur der. Kvar rute representerer 500 000 innbyggarar.