Les topografiske kart
I denne ressursen skal du øve deg på å lese topografiske kart. Du bør lese artikkelen fagartikkelen "Kart – eit nyttig verktøy" før du begynner på desse oppgåvene. Den beste treninga er å ta med seg eit kart over området og gå ut. Då kan du trene på å sjå samanhengen mellom kartet og terrenget. Desse oppgåvene kan likevel vere nyttige tillegg og god trening, spesielt viss du diskuterer karta og løysingane dine med ein medelev.
Test deg sjølv i den interaktive ressursen under. Forstår du kva dei ulike fargane, figurane, symbola og streka symboliserer? Når du har tippa, kan du trykke på plussteikna og sjekke. Oppgåva fungerer best i fullskjerm-modus.
I denne oppgåva kan du trene på å lese informasjon ut av ulike topografiske kart. Jobb åleine eller i par. Diskuter gjerne med ein medelev om du er usikker på korleis du skal lese karta.
Oppgåve
Fagartikkelen "Bruk av digitale kartverktøy" er nyttig om du er usikker på korleis du skal bruke digitale kart.
Jobb i par eller mindre grupper. Gå gjennom eitt og eitt bilete i presentasjonen under og bli einige om kvar fotografen står.
Legg inn tekst, symbol eller tal der de meiner fotografen står i det digitale kartet under bileta. De kan søke, zoome inn og ut og forandre bakgrunnskart i det digitale kartet om de ønsker.
Gå gjennom bileta i klassen til slutt og diskuter plasseringane. Forklar for kvarandre korleis de har lese kartet, og kvifor de har plassert fotografen der de har gjort.
For å lagre oppgåveløysinga di til seinare kan du ta skjermutklipp av kartet til kvar oppgåve og lagre biletet på eininga di.
Planlegg ein tur i nærmiljøet ditt med minst éi overnatting. Du skal lage eit kart, ta skjermutklipp av dette og legge det inn i eit dokument som du lagrar på datamaskina di. Der skal du skrive litt meir om turen.
Fagartikkelen "Bruk av digitale kartverktøy" er nyttig om du er usikker på korleis du skal bruke digitale kart.
Kartet ditt skal innehalde
ein strek som viser kvar du skal gå
eit symbol som markerer overnattingsstaden
Pass på at turen blir passe lang for deg (minst 3 km). Delar av turen må gå utanfor stiar og vegar, men i eit terreng det går an å gå i. Overnattingsstaden bør helst ligge i nærleiken av vatn, på eit flatt område og ikkje på myr.
Dokumentet skal innehalde
skjermutklipp av kartet du har laga
eit anslag på kor lang turen er (du kan måle i det digitale kartet)
ei beskriving av ruta og forklaring på kvifor du har valt ho (i forklaringa skal du vise at du har lese og tolka informasjon i kartet)